Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 119 —
berre eg ser han, er det slutt, og eg kan ikkje
vera harm paa han lenger.
Aksinja. Ja kva anna er det so en djevelskap
og fandens kunstar ? Der skal somenn ikkje
stort til for aa øydeleggja eit menneskje. Det er
daa ei ynk aa sjaa kor du hev folle or.
Anisja. Ja eg er so avpila som ei beinrad.
Men sjaa no Akulina, det sauehove. So skitsam
og puski som ho var, og so som ho no ser ut!
Ho er ikkje til aa kjenna att. Det er han som
hengjer klædi um ho, kan ein vita; men kor
som er, so som ho veit aa spjaanka seg ut, og
so som ho blæs seg upp som ei onnor
okse-blaase. So dum ho er, hev ho daa sett seg i
hove, at det er ho som raar her i huset. «Garden
er min,» seier ho, «og det var meiningi aat far
aa gifta han med meg.» — Og so illbeitt er
ho — du gode Gud og skapar! naar ho kjem
rett paa galne’ mølet vil ho mest riva taket
av huset.
Aksinja. Ja det maa vera eit hardt livnet,
ditt arme ting, naar ein rett ser til. Folk er jamt
so ovundsjuke. «All den rikdom det er der i
huset,» seier dei; men ein ser: «det er ikkje
gull alt som glimer.»
Anisja. Ja det er rett noko aa ovunda paa!
Den rikdomen fær nok snart føter aa gaa paa.
Han sumlar med pengarne so det er grøtelegt.
Aksinja. Eg veit ikkje kor det er vore at
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>