- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
122

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 122 -—

att, og daa eg ikkje hev nokon fast stad aa halda
meg til, tok eg meg tenest, (geispar). Aa, du
gode Gud!

Akim. Men korleis er det; kva gjer vesle
Nikita daa? Paa den maaten er det daa eitslag
han hev fyre, med di han leiger ein til aa arbeida
for seg?

Anisja. Kva skulde han ha fyre? Fyrr greidde
han arbeidet aaleine; men no hev han fenge anna
i hovudet, og so hev han festa seg dreng.

Mitritsch. Han hev daa pengar. Kvi skal
han so taka seg nær ?

Akim. Nei der maa du orsaka, der maa du
rett orsaka. Det er daa berre aa forvenja seg,
som ein seier, berre aa forvenja seg.

Anisja. Jä han er misann so utskjemd at
det er fælt.

Akim. Det er tingen. Ein tenkjer aa gjera
det paa det beste; men menneskja spaar, og Gud
raar. Rikdom skjemmer eit menneskje, rikdom
berre skjemmer.

Mitritsch. Um det er ein hund, so toler han
ikkje aa ha gode dagar, kor mykje meir daa eit
menneskje. Lukka gjer storsnuta. So gjekk det
med meg og, daa eg hadde det godt. Eg drakk
som ein svamp i heile tri vikor. Tilsist drakk eg
upp mi siste brok. Daa eg so ikkje hadde noko
meir aa drikka for, lét eg det vera. No hev eg
svore paa at eg aldri meir vil smaka ein dram.
Eg vil ikkje sjaa brennevin meir for mine augo.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free