- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
125

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 125 —

seldt konnet mitt, skal du faa dei att, og eg skal
pløgja eit maal jord aat deg til takk for
væl-gjort.» Ser du daa at eg hev noko som er
takande — ein hest elder ei ku — so seier du:
«Lat meg helder faa tvo elder tri rublar, so er
den sak kvitt.» Eg sit no eingong i klemma og
kan ikkje greia meg utan hjelp, so der er ikkje
anna fyre en aa seia takk som byd, og taka dei ti
rublarne. Naar daa hausten kjem og eg hev vendt
mine ting, maa eg ikkje berre betala attende dei
ti rublarne som eg laante, men eg maa ut med
tri rublar til.

Akim. Javisst; slike knip kan nok falla
millom bønder naar dei gløymer Vaarherre; men
det hev ikkje noko med dette her hersens
aa gjera.

Mitritsch. Vent litt, so skal du sjaa det
maatar som fot i hose. Kom no ihug kva du
hadde gjort; du hadde flaadt skjorta av kroppen
paa meg. Men no vil eg seia, at Anisja med
hev pengar liggjande, og ikkje veit kva ho skal
bruka dei til. Kvinfolk forstend seg ikkje paa
sovore. Ho kjem daa til deg og spør um det
ikkje skulde kunne lata seg gjera aa stella det so
at pengarne hennar kom til same nytte. «Jau det
kunne det nok,» seier du. Og no sit du og
ventar. Til vaaren kjem eg att og bed, um du
ikkje kan lata meg faa ein tiar til .... eg skal
nok takka deg for vælgjort . . . Og du gjev
deg no til aa rekna tingen ut. Er ikkje skinnet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free