- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
127

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 127 —

her. Kor skal ein daa forstaa sliktnoko? Gud
vil at ein skal arbeida; men naar eg byrre set
pengarne i banken, kan eg leggja meg til aa sova.
og so kjem pengarne av seg sjølv og føder og
klæder meg. Nei det er farkestell, og ikkje etter
lov og rett.

Mitritsch. Lov og rett? Det spør ein ikkje
etter no tildags. Her gjeld det — berre aa
plukka ein stakkar for det siste han eig og hev.
Det er noko heilt anna.

Akim. Ja ja! Det er vei snart den tidi daa
vondemannen fær magt over verdi. — Der saag
eg no desse hersens retiradar, dei kallar, inne i
byen. So vidt er det kome, kan eg seia. Hy via
og glatt og fint aa sjaa til. Men det heile er
til ingen nytte, til ingen verdens nytte. Dei hev
gløymt Vaarherre, det er tingen, reint gløymt
han, reint gløymt Vaarherre. — Takk for maten.
Anisja! (krossar seg og gjeng fraa bordet).

Mitritsch (krossar seg likeeins og kravlar seg uppaa
omnen . Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Anisja (tek av bordet og ét imillomaat). Vilde endaa
far hans tala han litt til rettes. Men ein
skjemmest for aa nemna det.

Akim (som hev krossa seg for helgenbilætet). Sa du
noko ?

Anisja. Nei, eg rødde berre med meg sjølv.

(Anjutka kjem inn).

Akim. Aa gilde gjenta mi ! Altid flink og
glad. Du er nok forfrosi no, kan eg tenkja.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free