Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Tridje vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 131 —
og han her hev berre belgja i seg. «Gakk ut
og stell med hesten.» Fy! Nei, det ber ikkje til.
Mitritsch (kryp ned av omnen og tek paa seg
filt-skorne). Aa Herre Jesus! Er det hesten eg skal
spretta fraa? Han er nok godt tilflidd, vil eg
tru. Bitter det, kor han hev hylja i seg! Berre
han ikkje gjeng av og rimnar! — Aa Herre
Jesus! Heilage Mikola! (slengjer ein pels over seg og
gjeng ut).
Nikita (set seg ved bordet). No, ver no ikkje
vond paa meg lenger, gammeln! At eg hev
drukke det er rett nok; men kva er det so aa
gjera ved det? Um det so er ei høne, vil ho ha
litt aa drikka. Hev eg rett elder ikkje? Lat no
det vera godt. Mitritsch tek det ikkje ille upp;
han syter nok for hesten.
Anisja. Er det aalvor med at eg skal gjera
temaskina istand ?
Nikita. Javisst er det aalvor. Her er daa
far, og me vil sitja og drøsa litt, og faa oss ein
tekopp.....(til Akulina). Hev du so bore inn
sakerne?
Akulina. Sakerne? Mine eigne hev eg teke;
dei andre ligg ute i sleden. Ja dette her er daa
ikkje mitt. (slengier ein pakke paa bordet og gjøymer det
andre i dragkista si).
{Anjutka stend og ser paa. Akim sit ved omnen og turkar
paa sokkarne sine.)
Anisja (gjeng ut med temaskina). Kista var full
fyrr; men sjaa til um han ikkje hev gjort nye
innkjøp.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>