Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 144 —
Fjodor. Det kan du ha rett i; berre det no
held seg uppatt med pengarne . . .
Matrøna. Nemn det aldri. All den vælstand
ho fekk etter far sin, Gud have sjæli, er der heil
og halden. Halvtanna hundrad — det hev noko
aa seia det, i desse tider.
Fjodor. Me er helder ikkje misnøgde; men
det er no vaar eigen son, og ein vil daa gjerne
stella alt paa det beste.
Matrøna. Tru du meg, go mann: var ikkje
eg, skulde du aldri i livet ha funne deg slik ei
sonekone. Kormilin sende og bod; men eg stod
ved det eg hadde lova: at de skulde faa henne.
Kva pengarne vedkjem, so er det som eg seier.
Det var det siste han sa, han som burte er —
Gud løne hans sjæl! — at enkja skulde taka
Nikita til seg i huset — eg hev det fraa min
eigen son — og at pengarne, ser du, skulde gaa
til Akulina. Hadde det vore ein annan, vilde han
nok ha aust i si eigi hit; men Nikita er ikkje av
det slaget. Han legg heile sumen paa eit brett.
Og det hev noko paa seg: sodan ein pengeslump!
Fjodor. Det gjeng ord um at der skal vera
fleire bungar ved tausi. Han gløymer nok ikkje
seg sjølv. Nikita er ikkje so dum.
Matrøna. Aa, du kjære Guds lamb! Andre
folks pengar er tunge aa telja; ein kopek vert so
lett til ein rubel. Ver du trygg, de fær nok kva
de skal ha. Eg seier deg, at lat det reknestykket
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>