- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
151

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 151 —

der. Nei, ver du trygg. Ingen skal faa so mykje
som ein tanke um det. Men gjer berre som eg
seier. For me kvinfolk kan no eingong ikkje
hjelpa oss, minder me hev dykk manfolka med i
spelet. Her hev du spaden. Kryp so ned og tak
fatt. Eg skal lysa for deg medan.

Nikita. Kva skal eg ta fatt paa?

Matrøna (kviskrar). Du maa grava eit hol. So
kjem me med det, og det heile er gjort i ei fart.
Høyr, no ropar ho igjen. Skund deg no. Eg
gjeng inn til henne.

Nikita. Er det daudt daa?

Matrøna. Javisst er det so. Men skund deg
no. Grannarne hev ikkje lagt seg enno. Dei
kunne snart høyra elder sjaa eitkvart. Slikt kram
skal no ha nosi i alt. Igaar kom vaktmannen
snerkande. Naa, eit ord so godt som tjuge. Der
hev du spaden. Kryp so ned i kjellaren og gjer
eit hol i ei kraa. Grunnen er mjuk der, og lett
aa grava. Sidan jamnar du væl til att. Den
kjære moldi nemner so visst ikkje eit ord. Ho
slikkar alle spor ut liksom ei ku med tunga si.
Naa, gjer det so, kjære sonen min!

Nikita. De fører meg berre i vanlukke de
satans kvinfolk! Men eg gjeng min veg, det er
visst. So kan de gjera det de vil.

Anisja (i stabursdøri). No, er han ferdig?

Matrøna. Kvi gjekk du ut? Kvar hev du
gjort av det?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0157.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free