- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
162

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Brigde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 162 -—

hev han gjentungen i sekken; so spring han
sjølv etter, radt paa hovudet, og so piskar han
laust paa berre kroppen.

Anjutka. Kva piskar han med daa ?

Mitritsch. Aa, han tek vei eit ris.

Anjutka. Men han kan daa ikkje sjaa det
nede i sekken.

Mitritsch. Ver du trygg. Han ser nok det
han skal sjaa.

Anjutka. Men so bit eg han.

Mitritsch. Nei, fluga mi, det læt du nok

vera.

Anjutka. Bestefar, der kjem einkvan! Kven
er det? Aa Herre Jesus, kven er det?

Mitritsch. Kjem det nokon, so lat dei berre
koma. Det er vei mor di, tenkjer eg.

Anisja. Anjutka? (Anjutka læst sova). Mitritsch?

Mitritsch. Kva er det?

Anisja. Kva brenner de ljos etter? Me legg
oss no me der inne.

Mitritsch. Eg vart fyrst no ferdig. Eg skal
nok sløkkja.

Anisja (rotar i dragkista). Naar ein hev bruk
for eitkvart, kan ein aldri finna det.

Mitritsch. Kva leitar du etter?

Anisja. Ein kross. Det maa daa døypast.
Gud forbjo at det døyr fyrr det vert døypt. Det
vilde daa vera stor synd, veit eg.

Mitritsch. Ja det er visst. Ein maa gjera
som skikk og bruk er . . . Fann du det?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free