- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
174

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 174 —

skal kjøyra. Dei andre heimanfraa hev alt sett
fyre».

Fyrste gjenta. Godt, det kan eg altid, naar
clu sjølv ikkje vil. (dei gjeng inn i garden).

Marina. Det var ikkje noko ivegen for aa
gaa inn; men eg læt det helder vera, for eg hev
ikkje set han sidan han slo upp med meg. Det
er no over et aar sidan. — Eg kunne nok elles
ha hug til aa sjaa kor han kjem ut av det med
denne stygge Anisja. Etter kva folk seier liver
dei ikkje godt saman. Det er eit illrøte han hev
fenge ... so hard og sjølvraadig . . . Han hev
nok tenkt paa meg meir en ein gong i denne
tidi, kan eg tru! Han tenkte han skulde faa gode
dagar, og so let han meg gaa. Naa, Vaarherre
vere med han! Eg ber ikkje agg til han for det.
Men, kor saart det gjorde meg den gongen, aa,
kor det pinte meg! Ja ja, tidi hev gjort sitt, og
no hev det gjenge over. Men eg vilde daa gjerne
sjaa han . . . (gjeng burt til garden og fær i det same
auga paa Nikita som kjem ut). Ih! Kva kjem hall no
der etter? Skulde kanskje gjentungarne ha sagt
han . . . ? Korleis kan det vera at han løyper
i fraa gj esterne? Eg gjeng min veg. Kor
tung-huga han ser ut! (stig til sides)
(Nikita kjem)

Nikita (med lutande hovud. Han fiktar med armarne
og mumlar i skjegget. Best det er ser han upp og fær auga
paa Marina). Marina! Kjæraste, beste Marina! Kva
stend du her etter?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free