Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - I
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Det var eingong ein skomakar som hadde
leigt seg inn hjaa ein bonde ut paa landet. Sjølv
hadde han korkje hus elder jord, men daa han
sat med kone og baan, maatte han sjaa slaa seg
igjenom so godt han kunne med handtverket sitt.
Føda var dyr det aaret, og arbeidet vart kleint
lønt, so det vesle han tente gjekk med etterkvart.
Skomakaren og kona hans hadde berre ein pels
som dei brukte skiftevis, og han var tilmed so
sliten at fillorne slang, so skomakaren no i
halvtanna aar hadde vore paa veg til aa kjøpa skinn
til ny pels.
Ut paa hausten hadde han fenge skrapa
saman nokre skilling: tri rublar laag gjøymde hjaa
kona i dragkista, og sjølv hadde han fem rublar
og tjuge kopek til gode hjaa bønderne i
landsbyen.
So tenkte han med seg ein morgon, at no
skulde han daa gaa til landsbyen og sjaa faa kjøpt
skinn til ein pels. Etter morgonmaten tok han
paa seg kufta til kona, tok ei vadmelskaape
utan-paa, stakk tri rublar i lumma, reiv ein staur utor
gjerdet til stav, og rusla so iveg, med’ han tenkte:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>