- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
197

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 203 -—

eine handi, og hamra paa dei frosne smaasteinarne
med stokken som han bar i den andre handi, og
prata med seg sjølv soleis:

— Eg er no varm utan pels. Eg fekk meg
ein peil, og det hitar i heile kroppen so det er
hugnad. Paa den maaten hjelper ein seg utan
pels. Eg gjeng min gang, og læt fem vera jamt.
Slik ein kropp er eg! Kvi skulde eg ta meg nær
av det? Eg skal nok greia meg utan pels. Um
eg so aldri fær pels, kan det vera slikt slag. Det
er berre det ved det, at kona vil gaa hanga med
nebben no att. Ei skam er det og, naar ein rett
tenkjer seg um. Der hev ein gjenge og arbeidt
aat han, og so held han meg vekk med snakk.
Men vent du berre! Fær eg ikkje pengarne, so
tek eg huva di i pant, ja min sant gjer eg so!
Hev ein set maken? Vise meg av med tjuge
kopek! Kvart kjem ein med tjuge kopek? Det er
daa berre til aa drikka upp, ikkje meir. Det knip
for han med aa slaa seg igjenom, seier han. Men
knip det for han, so knip det vei likso hardt for
meg. Han hev baade hus og jord og fe og alt,
han; men eg hev ikkje anna det eg gjeng og
stend i. Han kan baka braud av sitt eiget mjøl,
men eg maa kjøpa det eg brukar; og kvar eg so
tek pengarne, maa eg ut med tri rublar for vika
berre til braud. Naar eg no kjem heim bid det
ikkje saad i hus. So maa eg ut med halvannan
rubel. So eg hev nok orsak til aa be um aa faa
det eg hev til gode.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free