- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
207

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IV

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 207 —
IV.

Ho vart standande i døri og sa:

— Var det eit skikkelegt menneskje gjekk
han ikkje naken; men han hev ikkje so mykje
som skjorte paa kroppen. Hadde du reint mjøl
i posen, so sa du beintfram kvar du hev funne
denne fyren.

— Men so høyr daa kva eg hev aa seia:
Best som eg gjeng, ser eg denne mannen sitja ved
kyrkja, naken og reint forkomen av frost. Det
er ikkje sumardag no, so ein kan gaa reika
utan klæde. Det er Gud sjølv som førde meg
fram paa han; elles hadde han umkome. Kva
skulde ein gjera? Der er so mykje som ein ikkje
forstend. Eg gjorde daa det beste eg visste,
klædde paa han og tok han med. Sjaa no til
du kan faa ro paa deg, Matrøna! Elles hev
du synd for det. Me skal døy me med eingong.

Matrøna vilde til med nye skjensmaal; men i
det same saag ho burt paa framandkaren og tagde.
Han sat nett paa same flekken nedst paa benken,
og hadde kje leda paa seg. Henderne laag neste
i fanget, hovudet hadde bøygt seg ned mot bringa,
augo var feste mot golvet,’ berre munnen snørde
paa seg av og til som kvidde han seg ved
eitkvart. Matrøna tagde.

— Matrøna, seier Semjon til henne, — er
du reint gudegløymd?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0213.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free