Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IV - V
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 216 -—
me skal gjera imorgo. Synest du ikkje eg skulde
gaa inn til Malanja og beda henne laana oss ein
grand . . .
— Læt Gud oss liva, so fær me nok det me
treng.
Matrøna laag tagall litt.
— Han ser daa likevæl ut til aa vera eit
godt menneskje. Men kvi seier han ikkje kven
han er? tok ho til att.
— Han kan vei ikkje.
—- Semjon.
-Ja?
— Me gjev andre; kvi er der daa ingen som
gjev oss noko?
Semjon visste kje kva han skulde svara og
sa berre —: No hev me snakka nok.
Dermed snudde han seg over paa hi sida og
sovna.
V.
Daa Semjon vakna um morgonen laag baani
og sov enno. Kona hadde gjenge ut til grannen
og skulde laana braud, og framandkaren sat paa
benken i skjorte og underbrok og gløste upp.
Andlitet var ljosare og lettare en det hadde vore
fyre dagen.
— No, min unge ven, sa Semjon til han; —
magen vil ha mat, og kroppen vil ha klæde.
Ein lyt sjaa byrga seg. Forstend du deg paa
noko slag arbeid ?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>