- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
222

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - IX

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og paaklædt, kiste laga, og kona ført til jordar.
Altsaman med godsrnans hjelp. No var dei
aaleine, smaagjentorne. Kvar skulde ein gjera av
dei ? Vesleguten min var den gongen paa aattande
vika; eg var den einaste kona der i grendi som
gav bryst, og so tok eg dei smaa til meg, solenge.
Bønderne kom saman og grona paa kvar ein
skulde gjera av dei; men daa dei hadde tala
upp og ned ei rid, sa ein av dei til meg: «Du
Maria, eg tenkjer det er best du tek dei heim til
deg; so skal me nok tenkja over det og finna ut
ei raad.» Eg tok den som var frisk og la inn
til brystet; den andre lét eg liggja. Eg trudde
kje ho kom til aa liva. So tenkte eg; kvi skal
det arme tinget forkomast? Eg totte synd um
henne; dg so hadde eg alle tri, baade dei tvo
framande, og mitt eiget. Eg var den gongen
ung og sterk, hadde frisk god kost, og Gud gav
meg so nok av mjølk, at stundom var det meir
en dei tri kunne raa med. So kunne eg sitja
med tvo ved brystet, med’ den tridje venta. So
snart det eine var mett, tok eg det tridje. Aa
ja! Gud laga det so, at daa eg fekk desse tvo
paa føterne, grov eg ned mitt eiget baan. Fleire
baan gav Han oss ikkje. Elles hev me støtt havt
lukka med oss. Me bur no her hjaa mylnaren.
Mannen min tenar godt, og det gjeng rett bra.
Men baan fær me ikkje, so eg veit ikkje korleis
eg skulde halda det ut, dersom eg ikkje hadde
desse vælsigna smaagjentorne. Kan eg so anna

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0228.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free