Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - X
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 224 —
— Eg ser, Mikael, at du ikkje er noko
van-legt menneskje, og eg kan korkje halda deg att
elder spyrja deg um noko. Det er berre ein
ting eg vil be deg um aa fortelja meg. Kor hev
det seg, at den gongen eg fann deg og førde
deg heim, var du myrk og tungsam; men daa
kona sette kveldsmat fram aat deg, ljosna du og
smilte. So daa herremannen kom og tinga
styv-larne smilte du andre gongen og vart endaa
ljosare i synet, og no daa denne kona kom med
smaagjentorne smilte du tridje gongen, og vart,
so det skem av deg. Seg meg, Mikael, kva er
det for eit ljos som skin av deg, og kvi smilte
du tri gonger ?
Mikael svara :
— At det lyser av meg kjem av at eg hev
vore straffa og at Gud no hev gjeve meg etter.
Naar eg smilte tri gonger, so var det avdi eg
skulde røyna tri gudsord som eg no hev røynt.
Det fyrste røynde eg den gongen kona di ynkast
over meg, og det var fyrste gongen eg smilte.
Det andre ordet røynde eg daa den rike mannen
kom og tinga seg styvlar, og daa smilte eg
andre gongen. No daa smaagjentorne kom, fekk
eg røyna det tridje ordet og smilte for tridje
gongen.
Semjon heldt fram:
— Seg meg, Mikael, kvi straffa Gud deg,
og kva er det for tri gudsord, so eg med kan
læra dei.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>