Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - X - XI
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 226 -—
give, og kva som held folk i live. Naar du hev
røynt det, kan du koma attende til himmelen.»
Eg flaug til jordi og kravde sjæli hennar.
Smaagjentorne slapp brysti, moderi seig
saman i sengi, og den avsjæla lekamen klemde foten
skjeiv paa den eine smaagjenta. Eg svinga upp
over landsbyen og skulde bera sjælitil Gud; men
vinden tok meg, vengjerne datt av, og sjæli for
aaleine til Gud, med’ eg datt ned paa jordi der
ved kyrkja.
XI.
No skyna Semjon og Matrøna kven dei hadde
gjeve mat og klæde, kven som hadde budt i
huset, og dei grét av age og giede.
Engelen tala vidare:
— Der stod eg einsleg og naken paa marki.
Eg hadde aldri fyrr kjent menneskjens piaage,
aldri visst korkje av frost elder svolt, og no var
eg sjølv eit menneskje. Eg tok snart til aa baade
frosa og svelta og visste slett ikkje kva eg skulde
gjera. Der eg laag vart eg vår kyrkja som var
bygd til Guds ære; eg gjekk dit og tenkte eg
skulde finna eit lye mot vinden. Det vart
kvelden. Svolten auka paa, eg vart stiv av frost,
heile lekamen verkte. Best det er høyrer eg
einkvan kjem gangande etter vegen. Det var ein
mann med eit skopar i handi; han gjekk rødde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>