- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
1

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det ålmenne programmet for Norigs Ungdomslag er i lagslova para
graf 1 forma so:
«Norigs Ungdomslag vil arbeida for folkeleg upplysning på fullnorsk
grunn og for samhald og samyrke millom landsens ungdom.»
Paa ein sers heppen måte er her klædd i ord den trongen som —
lenge fyrr denne paragrafen vart til — fekk si utløysing i den frilyndte
ungdomsrørsla.
Det er for oss ikkje lett å leva oss inn i kor fatigt, trongt og kaldsleg
livet kunde vera for bondeungdomen vår i tida kring 1880. Det var ei
tid då gamalt tok ryggtak med nytt. Det gamle laut siga i kne. Den
gode, gamle bondekulturen var komen til nedfalls. Men det nye arbeidde
seg ikkje so snøgt fram at det kunde fylla tomromet paa fullnøgjande vis.
Bygdene tok for alvor til å kjenna det økonomiske trykket. Då industri
alismen kom, vart det utflytting. Det var ei «bohemetid» i alle måtar, ei
sers vand tid, serleg for ungdomen som naturleg laut sjå etter kva framtida
hadde å by.
Um sundagane, i den lange jolehelga og dei andre høgtidene samla dei
«vakte» seg. Borna til dei «kondisjonera» kunde sitja i dei ljose embets
mannsstovone so lenge til dei nådde ungdomsalderen. Då for dei ut or
bygda, vanleg til dei høgre skulane.
Men den ungdomen som ikkje var «vakt» og som ikkje var «kondisjonera»,
kvar skulde han gjera av seg? Kva skulde han ta seg til? Kva skulde han
byggja framtida si på?
Noko lyt ungdomen firma på. Det er naturgjeve. Anten noko godt,
eller noko mindre godt, eller noko som er gale.
Det som ungdomen vanleg tok seg fyre vart av dei «rette truande»
d. v. s. den offentlege meining i tida, halde for mindre godt, eller jamnast
beint fram for synd og galskap.
Det var å reka ute på landevegane dei lange helgedags ettermiddagane,
gøyma seg av burt i skogholta med kortstokken eller med øl- og brennevins
flaska. Leid på kvelden kunde det vera dans på ei bru eller ein låve.
1 — Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free