Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
4
veldet. Korleis det er gått denne samskipnaden no etter frigjeringa og
borgarkrigen veit vi ikkje.
I andre land er det helst forneme lag, «societets», av ymse slag, som tek
seg av folkeupplysningsarbeidet; i bygdene står folkeupplysninga vanleg
heller ikkje høgt. Hjå oss har bondeungdomen sjølv teke seg av arbeidet
for si eiga upplysning. Eit målmedvite arbeid for folkeupplysning, serleg i
bygdene vart det praktiske utslaget av den frilyndte ungdomsrørsla i Norig.
Difor kom denne rørsla her i landet til å gripa fortvarande um seg. Det
vart ikkje ei rørsle for dagen til å fremja ei einskild politisk eller sosial
fyreloge. Det vart ei rørsle med lange mål.
Eit folkestyrt land skulde Norig vera. Eit folkestyrt og sjølvstyrt land
skulde det bli. Men fyresetnaden for sjølvstyre og folkestyre er kunnskap
og åndsstyrke hjå kvar einskild borgar. For dei har alle like mykje å
segja i landsstyringa. Folkestyre i eit land med ring folkeupplysning er
venteleg den ringaste styringsform som det landet kan få. Eit godt folke
styre har difor god folkeupplysning til fyresetnad. Å vera med i arbeidet
på å skapa denne fyresetnaden vart hovuduppgåva for den frilyndte
ungdomsrørsla.
Eit oversyn over korleis denne tanken praktisk har vorte sett i verk
høyrer til under ein annan bolk i dette skriftet. Vi vil her berre nemna at
upplysningsarbeidet vårt ikkje har havt til fyremål berre å gje folk til
gjenge til abstrakt kunnskap. Det har vore plan i arbeidet. Kunnskapen
skulde tena eit visst fyremål. Og fyremålet det var å skapa vilje i folket,
ein sterk og levande vilje til nasjonal reising og sjølvhevding, politisk,
økonomisk og kulturelt Denne viljen var sjuk og avstumpa etter eit framand
velde som hadde vara i århundrad. Når denne viljen no atter er levande
og frisk og dådssterk i Norig, so er det i stor mun ei frukt av det arbeidet
som Norigs Ungdomslag har gjort «for folkeleg upplysning på fullnorsk
grunn og for samhald og samyrke millom landsens ungdom».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>