Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
DAA NORIGS UNGDOMSLAG VART SKIPA
Berre den heilrende mannen med den naud
turvelege upplæring, sjølvstendekjensle og tame er
før til å halda taumane i ei landsstyring. — Her
i landet var det berre embetsmannen og byman
nen, som åtte denne tame, og det vart då dei,
som tok førarskapen og staka ut stemneleida for
vår politiske utvikling.
Bonden hadde nok makta etter grunnlova. Men
i dei lange unionsbolkane hadde han i mykje vorte
nasjonalt og kulturelt uheil og vanta den tame som
måtte til, skulde han svara romet sitt som førar.
Han vart nok ofte vald inn i stortinget, men laut
der som tidast spela si rolle berre som statist.
Peter Slotsvik.
Dei meir vakne bøndene hadde ofte ei leid kjensle tå dette og totte sty
ringa ikkje gjekk som dei ynskte. Dei gav då embetsmennene og bypoli
tikarane skulda og såg ikkje at veilone låg hjå dei sjølve.
Dei hadde makta, men gløymde å ha umsut for sin eigen skule — si
eiga utvikling og sin eigen tame — so dei kunde makta å gjeva politik
ken den stemneleida dei sjølv ynskte. Dei laut difor lita på andre som i
stor mun hadde ei anna syn både på vår kulturstode og på den poli
tiske stemneleida. Og det syrgjelege var at storfjølden av bøndene var
nøgde med dette — nøgde med at andre tenkte og tala og handla for dei. —
I stor mun vanvyrde ogso bonden sitt eige og såg med age upp til det
framande, som fløymde innyver landet — frå amerikanske økseskaft og
utanlandske motorar til dansk kultur og dansk mål i skrift og tale.
Men den som vanvyrder sitt eige, vanvyrder til slutt seg sjølv. Og so
vart det til det, at den norske bonde, som mange hadde vona skulde bli
beraren av tradisjonen frå Norigs stortid, vart ståande som ein vesalmann
ned med døra — som bad han um orsaking, for di han var til — når
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>