Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
29
Fyr eit par sumrar sidan var eg stemnetalar på Sunnmøre ved Hjørunga
våg (Hareide). Høgare hjartefest hev eg vel aldri havt. Eg tykte eg heldt
i «handi hans far», når eg nevetok desse strevsame fiskarar.
Og ungdomen kom med ei gåve på kr. 1000; slikt hjartelag frå heim
bygdene mine gjorde godt. Eg var gjest hjå fiskarguten Petter Brandal,
som ved ishavsfangst hev arbeidt seg upp til millionær, og hjelpt grendi
si upp, so ho strålar av kvite velstandsheimar og elektrisk ljos. Det var
ei fin breid seng eg fekk. Eg hadde tala mest all dagen, so eg var trøytt,
og eg kasta meg vel noko tungt og brått i sengi — og eg må visst vera
i ætt med Gange-Rolv — botnen brast sund, so eg låg på golvet um
natti og undrast yver «verdsens umvandlingar».
Eg hadde lenge trått etter å koma til Trøndelagen. Dit kom eg då 1910.
Eg hadde frett, dei hadde lova å «temja slike karar», soframt eg våga meg
til å tala målet. I hast fekk dei til eit riksmålslag på 420 medlemer. Eg
møtte målprosten Gregusson i Oslo. «Du vågar vel ikkje preika på målet i
Melhus? Det vil kje gå. Freist med det av og til; frå fyrst av.»
«Nei, full fart forover» ! som det heiter umbord. Det var litevetta
bladbråk ei kort tid. Men snart kjende eg meg heime som millom brør,
og eg tok straks striden upp um Blixsalmane. Det gjekk heitt til, men i
hovudkyrkja vann eg med glans 1911. Seinare i dei andre kyrkjor.
Eg vart tilkalla av ungdomen i flestalle bygdelag, og eg reiste so sant
eg kunde koma laus. Eg preika i kyrkjone og tala målsak og andre emne
i ungdomshusi og på hermoen. På ungdomsstemnor hev eg vore radt frå
Namsos i nord og til Uppdal i sud. I Inntrøndelagen er ljos og vaken
ungdom. På stemnone der møter det fram upptil 5—6000. Berre Sunn
mør karm mæla seg med dei. I søre fylke er det meir myrkt, det hev
kje vore so mange ljoskastarar her som i nordre fylke. Men her er det au
same djupe, trufaste folkelynde, og det tek no til å ljosna. Anders Mo
i Orkdalen hev med høgskulen sin alt gjort gildt verk. Det ljosnar i spori
til den gjævingen. Og no hev me fenge høgskule i Gauldalen og. Holdhus
og Kyinnesland er hugheile, dugande menn, som alt er velvyrde av folket.
No eg skal forlata Trøndelagen — eg trudde kje eg var so avhalden, det
er ein hjartevarme, eg aldri fyrr hev møtt. Jamvel hjå riksmålsfolk. Eg hev
fenge gilde gåvor av ungdomen i Melhus, og Trøndelagsungdomen heldt
fest fyr meg i Trondheim og gav meg eit kaffistell av sylv. I Melhus
prestegjeld gav dei meg eit stort avskilsoffer. Eg må som Jeppe i baron
sengi knipa meg i armen — tru, eg er vaken ? Dei vilde meinka oss dom
kyrkja på Olsokdagen 1914. Men me søkte høgare og fekk det hjå kyrkje
råden. Der heldt eg då heilnorsk gudsteneste. Norsk salmesong fyllte under
dei høge kvelvingar, me song med tåror i augo, slik song hev eg knapt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>