Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
41
og tilhøve som var verdt å minnast; men plassen tillet det ikkje. Eg vil
berre leggja til at i ungdomsarbeidet hev eg havt nokre av mine beste og
rikaste stunder. Eg tregar ikkje på tidi der. —
Eit par ting må eg kan henda leggja til: Dei fyrste som arbeidde i
ungdomslagi, hadde ikkje betaling for det. Ofte laut ein ha utgifter. Like
vel gjekk arbeidet fram Ungdomen i våre dagar bør minnast dette.
Ein ting hev eg funne som ikkje hev lite verd: Kvar ein kjem — på
Austland, Vestland eller Trøndelag finn ein det same norske drag hjå ung
domen — både til godt og vondt.
Eg lyt kan henda få nemna at eg berre hev fenge skipa eit ungdoms
lag i mi tid, Iljarnstod ungdomslag i Hedalen, Valdres, 1898—99, og endå
var det nok andre som gjorde det meste her.
Det vart skipa under sterk strid, der m. a. klokkar Bergsrud og presten
Barth hjelpte godt til. Men alle vart til slutt med, og laget gjeng den dag i dag.
OLA US ISLANDSMOEN.
FULLNORSK GRUNN
Den frilyndte ungdomsrørsla hev vore som
ein vårdag yver norsk ungdom, ei utløysing av
übrukte evnor i vårt folk, ei åndsens frukt av eit
langt, ihuga og medvite upplysnings- og vek
kjingsarbeid frå Wergeland og Ole Vigs dagar,
gjenom folkehøgskulane og våre norske skaldar
og folkehovdingar like ned til våre dagar.
Det er serleg eitt ord som er merkande i vårt
program: fullnorsk grann. No skulde det verta
alvor av med den fridomen me hadde brev på
frå 1814. Og i 80 og 90 åri var norsk flagg
og politisk sjølvstende merkesaker ved sida av
målrørsla. Og det var høgtidsstunder i lag og
A. B: Vamraak.
på stemnor når merkesakene hadde vunne fram til siger. Eg gløymer aldri
stemna i Vik i Sogn 1905, då stortingsmann Refsdal stod fram og fortalde
um 7. juni -verket.
Men ikkje berre politisk skulde me verta norske. Heile vårt upplysnings
arbeid, både det ålmenne og det kyrkjelege skulde tuftast på norsk grunn.
Skulen og kyrkja måtte verta heilt norske. Og når det no er kome so pass
langt som det er — både med norsk upplæring, norsk salmesong og norsk
uppbyggjingstale, so er det mykje den frilyndte ungdomsrørsla å takka.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>