Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
46
gata 20). Den unge formannen deira, Klaus Sletten, var ein stolpe til kar,
og vart ein god hjelpesmann. Årsmøte fekk vi halde fritt i Møllergata 20.
Men så var det å finne høveleg husrom til det store ålmannamøte ? Her
laut vi ha stort og fint rom- Berre det beste var godt nok. Og så skauv
dei meg føre seg — til Kristiania magistrat. Eg skulde be om den gamle
frimurarlogen. Det var mest som å gå til kongen og be om slotte! Eg
som skalv i knea når eg skulde gå inn til lensmannen heime og be om skot
pengar for ei kråke — eg skulde gå til magistraten! Til magistraten bar
det no likevel. Og det vart eit eventyr. For den mannvonde målolme bor
garmeisteren eg venta å møte der tok imot meg som ein far. Det var
Hagbart Berner. Han vart det råd å tala med og tru seg til. Og logen
skulde vi få — fritt. Til årsmøte kom ikkje mange utsendingar. Men det
kom andre. Det kom folk som hadde samhug med ungdomsrørsla. Ord
skifte galdt samskipnaden mest. Årspenger, ferdetalarer, leselag osb. Eg
gjorde framlegg om å auke årspengane frå 2 til 5 øre Og det gjekk igjenom
etter langt ordskifte og store tvil !
Ålmannamøte sundagskvelden hugsar eg serskilt. Eg var utkøyrd og ned
for og hadde snaut orka fram — om ikkje dei to friske karane, Anders
Hovden og Haakon Nyhuus (bibliotekar i Deichman) hadde teke seg av meg.
Da vi nådde fram til porten — det var som ein himmelport for meg —
stod der ein gamal, stateleg mann. Det lyste sylvkvitt i hår og skjegg på
langan lei — St. Peter. Hagbart Berner. Han la armen over akslene mine
og førde meg inn. Dette er. gildt, sa han. Vi ventar oss store ting av dykk
unge. Eg visste ikkje korleis eg skulde få takke han. Den store salen vart
fullsett. Byfolk laut det visst vera, det meste. Og mode minka atter. Det
var da berre ein liten flokk av oss bondeungdomar. Og no skulde vi tala
eit alvorsord til den store byen som sat her kald og venta — å, eg ønskte
meg langt bort under Trysilfjelle! — Da kom det atter ein vaksen kar og
hjelpte meg. Han gleid stilt ut or den store folkemugen, sterk og trygg og
roleg: — Christopher Bruun. Og eg kjende meg atter ovanpå. Ei stund — til
eg stod på talarstolen og skulde ønske lyden vel møtt. Da var det berre
byen att som lyfte andlete imot meg, strengt og framandt: — Kven er du
som vågar deg hit? Har du noko å lære oss? Ord? Talemåtar? Det
har vi høyrt før. Pakk deg heimatt, din grønskolling! Eg for heimart.
Eg stod utanfor kojedøra i storskogen, og såg mitt eige slitne folk i arbeids
von og strid med fatigdom og storvinter. Og det vart det som berga meg —
og har berga meg ofte sidan.
Det vart eit gildt møte. Og byen var nådig etterpå. Det var no berre
ungdomen, stakkar. Ein laut orsaka ungdomen.
Åre som no kom vart eit arbeidsår. Klaus Sletten, som sat i byen og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>