- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
49

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49
Vik atti oss og. Og det vart ikkje keidsamt. Alle fire karane var taletrengde.
Og lande og folke som vi møtte gav emne nok til samtale. Det vart eit
dårande eventyr i ein endelaus dag — utan nokor natt i millorn. Og kvar
gong vi steig i land møtte vi ny ungdom, nye bygder. Lenger og lenger
nord. Endelaust. Og det var som ein ikkje kunde tru det —at det var
vårt, dette og, vårt land, vårt folk, vår eigen ungdom. Gjelsvik stod og stakk
dei i andlete med peikefingen og bora seg beint og bønlaust inn i tankane
deira. Hovden kleiv gladeleg opp på preikestolane og talarstolane og lyfte
hendene ut i landskaper
— Sjå dessa fjella, sa han. Nej sjå dinna herlege fjorden. Sjå dette
ljose og sterke folke! — Og tok folke med storm. Oddmund Vik la breid
sida til og bygde kraftverk i fossane og blåheldt på all fossekraft og natur
kraft i lande. Og på eit møte i Melbu — når Hovden ikkje slapp til —
fekk han tilnamne Oddmund den stutt-talande. Eg fekk til ærend å bera fram
målspørsmåle avdi eg var austlending. Elles tok eg mest imot — frå alt
eg såg og frå alle eg møtte.
På årsmøte på Steinkjer i 1915 gjekk Gjelsvik ut or styre og sette meg
til formann att. Det var ikkje med min gode vilje, men eg var ikkje på
møte, og kunde ikkje hindre det. Arbeide og ansvare hadde auka umåteleg
sidan sist. Men det gjekk etter måten lettare likevel. Grunnen var fast og
trygg. Vegen var oppstaka langt frametter. Og skrivaren, kaptein, Edvard Os,
lok godviljug alle byrdene og bar dei trygt fram. Noko kvassmælt kunde
han vera på årsmøta. Men alltid var det samskipnaden han stridde for.
Og aldri kunde eg sjå så mykje som ein skugge over andlete hans når møte
var slutt.
Det første årsmøte i mi nye formannstid var i Søgne (1916). Her fekk
eg sværande god hjelp av den greimælte og uslitelege Olav Midttun, som
då var nestformann. Ein herleg stemnelyd møtte oss der og. Det var sør
landsungdomen med det mjuke huglynne og dei linne konsonantane. Andre
årsmøte var på Voss att (1917). Stemna varde i 5 dagar. Eg kom frå dei
store ungdomsstemnune på Sunnmøre og i Nordfjord. Og møte på Voss
vart slitsamt. Men eg la arbeidssælen på kaptein Os og Olav Midttun, når
det kneip. — Stemna på Prestegardsmoen, i Jomsborg og på kyrkjegarden
kring Nybø-steinen vart atter feststunder av dei sjeldsynte.
Neste åre bar det ned på sjølve flatbygdene i Austfold. Det høvde såleis
at eldste fylkeslage i samskipnaden «Eidsiva», hadde 25 års høgtid på Mysen.
Og Norigs ungdomslag vilde gjerne heidre moderlage sitt. Her møtte vi
atter dei gamle ungdomslags-veteranane Peter Slotsvik og Olaf Eunderud —
i brodden for ein veldig ungdomsfylking. Og dei tyktes meg like trauste
og oppglødde som i ungdoms år.
4 — Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free