Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
65
KYRKJA OG DET NASJONALE.
Når eg vart med i den frilyndte ungdoms
rørsla, karm ikkje segjast på dagen. I folkesku
len hadde eg dansk-norsk upplæring, og det store
fyrebiletet den gongen var dei få i bygdi som
etter fatigt høve tala eller i minsto skreiv dansk
norsken. Men når eg tenkjer attende på denne
tidi, må eg støtt sanna Vinje sine ord: «Det
vart smått med lærdomen. Eg las i den danske
boki, men det var som å stira ned i ein kolsekk;
det var myrker og ikkje ljos». So kom den frilyndte
ungdomsrørsla til bygdi i 1 900 med norsk song
og lesnad, og det vakna mot vår ein dag um
senn. — Stor sogekunnskap hadde me ikkje å
Knut Eik Næss.
byggja på; men me gjekk med, då me kjende det på oss at dette var
heimsleg, dette var vårt. Seinare kom eg over det Chr. Bruun hadde skrive
i si beste tid, og den kongstanken frilyndt ungdom skulde bera fram tok
fastare tak i meg. I kyrkjesoga fekk eg syn for misferdi der med, og det
vart liksom so sjølvsagt at eg slo heilt lag med den flokken som vil reisa
den gamle kulturen og den gamle kyrkja i folkemedvitet og byggja framgangs
livet på desse grunnar.
I 1915 vart eg ungdomsprest i Trøndelag, og her er det grornæm vok
sterjord. Det er vel sogesikkert at den nasjonale tanken i Norig hadde
sterkaste røter i Trøndelag og levde lengst her, og no i vakningstider mer
kar ein det til gagns at ansen for ættararv er sterk i trøndarungdomen.
Det har vore sagt til det keidsame at trøndaren er sein i snunaden; men
kjem med tyngd. Det fekk me mange døme på under den norske marsen
heim i fjor, men eitt er visst: får han fyrst tak på den norske rytmen han
har i seg, kjem han aldri ut or takten, og Olavs kyrkjetanke sit djupt i hu
gen. Då eg kom til Nidaros bispedøme, fann eg mest alle stader at ung
domen flokkar seg kring det frilyndte samlingsmerket «Norskdom og kri
stendom». Å blåsa ånd og liv inn i dette slagordet har vore vårt frilyndte
strev til no og lyt verta.
Ein dansk forkynnar segjer ein stad: «Menneske er man ikke uden videre
fordi om man har en menneskekrop ; men når menneskelighed er brudt
igennem hos en». Dette synet er visst storparten samde i; men vegane
fram mot målet: mennesket, er so mange. Sume meiner at mannamilde
(menneskelighed) karm ein byggja upp i seg same kvar ein får byggjefan-
5 — Norigs Ungdomslag.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>