Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
72
sær Thomassen og venene hans sjølve er ei blanding av «kristeleg og verd
sleg». Dei karm ha dagelange møte, der dei byrjar med «bøn og Guds ord»
og sluttar med å tala vondt um sine medmenneske . . .
Spursmålet er då: kva er mest til hinders for sann kristendom anten
ungdom som leikar i dans eller «kristne» som talar låkt um andre?
Skuldingi mot det frilyndte ungdomsarbeidet var at det hindra sann kri
stendom millom ungdomen. Skuldingi kom frå folk som vil vera høgste
rett når det gjeld kristendomen her i landet. Deira kristelege autoritet er
intellektuell og moralsk tvilsam. På denne måten torer det vera eit spurs
mål um dei ikkje sjølve med skuldingi si vert til hinders for kristendom
millom ungdom.
Eg vil no tala noko um det frilyndte ungdomsarbeidet,
Den frilyndte ungdomsrørsla vil vekkja åndsinteressor hjå ungdomen.
Difor er det song på ungdomsmøti. Ordi og tonen gjeng saman og ska
per åndsliv i kjenslemusikken. Difor er det avisor, handskrivne blad, i ung
domslagi. Difor er det fyredrag i ungdomslagi. Av ymse slag. For fri
lyndt ungdom sømer det seg å vilja høyra frå alle dei mange romi i det
riket som heiter åndslivet.
Dette årvisse arbeidet i dei mange ungdomslagi hev gjort og gjer ei
framifrå gjerning!
Ungdomstidi er ei svær tid. Livstrongen strøymer sterkt i uklår lengt.
I åndsinteressor karm livstrongen få utløysing i edel form. Dette å vekkja
og nøra åndslivet hjå ungdomen er eit arbeid til bate for moralen. Ein
ungdom med rike hugmål hev i og med det ei makt i seg, som karm halda
honom burte frå mykje gale.
— Den ungdomen som er med i ungdomslag fær gjenom fyredrag
kunnskap. Det gjer sjelelivet hans rikt! Han lærer tenkja. Og kunnskap
og tankeføring gjer honom til eit intellektuelt sterkt menneske. Eit intellek
tuelt sterkt menneske vil i våre dagar ha von um å gjera det godt i livs
tevlingi.
Det frilyndte ungdomsarbeidet tener då livet!
Åndsliv er, djupt set, nasjonalt. Det er naturleg at det er nasjonalt.
Dei bilete som mi sjel hev, den musikk som mine kjenslor er, dei ord som
er uttrykk for inntrykk, — det er alt født i eit samspel millom naturi i dette
landet og mi ånd. Det å vera nasjonal er difor i grunnen sjølvsagt. Det
er den sjelfulle naturlæra. Det er den naturlege sjelelæra. Det er beint fram
livet som det er. Det er ikkje draum og romantikk. Det er den realistiske
livsvisdomen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>