- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
82

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

82
RETT STEMNELEID
Det var ymse moment som gjorde, at den
frilyndte ungdomsrørsla tok fart sist i det 19de
hundradåret. Ho hekk nøgje saman med den
politiske og nasjonale vekkjing som fylgde med
den politiske striden i 70 og 80-åri. Folke
høgskulane og andre ungdomsskular gjorde og sitt.
Ungdomar som hadde vore på ungdomsskule,
vart nokre av dei beste lagsmennene i ungdoms
lagi. Ein gild flokk folkeskulelærarar i bygdene
la seg og hardt i selen.
Skal ei slik rørsle koma upp og få makt, må
det vera noko sers som tek hugen. Eit ideali
tetsgrunnlag må til. Dette grunnlaget var den
N. Gjelsvik.
nasjonale atterreisingstanken: At det norske folket skulde verta det som det
ein gong var: Eit sjølvstendigt folk både politisk og nasjonalt
Lagi våre kallar seg dei frilyndte ungdomslagi. Dette namnet hev ikkje
noko med partipolitikken å gjera i trongare meining. Alle ungdomar karm
vera med, kva politisk parti dei so høyrer til. Men me hev på den andre
sida visse grunntankar som me held so fast på at me segjer: Betre åro
rette leidi med lite mannskap enn galne leidi med stort
Frilynde er heller ikkje frilynde i moral eller i god sed eller skikk.
Dei segjer for eit gamalt ord: Lediggang er roti til alt vondt. Det gjeld
og i det åndelege i nokon mun. Ungdomen må ha noko å bry seg um;
han må ha hugmål. Den ungdomen som hev hugmål hev lettare for å
leva eit godt og reint ungdomsliv enn huglause ungdomar.
Ungdomen må burt frå alt som dreg ned. So kom det kravet upp:
Ungdomslag og rusdrykk hev ingenting med kvarandre å gjera. Årsmøtet
i Kristiansand i 1903 gjorde soleis vedtak um, at det ventar at ungdoms
lagi held rusdrykken burte frå alle møte og festar. Dette er eit krav som
strengt må haldast uppe.
Augo er spegelen til sjeli. Det sannar seg når ein ser ein full mann i
augo. Han ser so inderleg tosken ut! Inkje under; for rusdrykken hev
døyvt tanke- og vitsentret i heilen. «Når ølet går inn, går vitet ut.» Men
det hemner seg ofte at vitet går ut, um det so berre er for ei kort stund.
«Det drykken bryt, lyt han udrukken bøta.»
Den idealiteten som ber arbeidet i dei gode ungdomslagi, er det mange
som vil nytta ut, kvar for sine arbeidsmål. Det er mest ikkje ende på alt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0092.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free