- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
87

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TRUMS UNGDOMSFYLKING.
Trums ungdomsfylking blei skipa året 1905 på Finsnes. Skipingsmøtet
var halde 23. og 24. juli. Det var lærar Ingv. Rødvik, Edv. Eidisen, Karl
Flatø, Finsnes, lærar Huus, Gibostad og bladstyrar Steinbø, Trums — som
baud saman både til skipingsmøte og ei ungdomsstemne samstundes. Der
møtte umlag 1000 menneske. Skipnaden med stemna hadde u.l. Ørnen,
Finsnes, teke på seg. Det var i alt på lag 40 lag som hadde meldt frå at
dei vilde vere med og skipe eit fylkeslag. Men til skipingsmøtet møtte berre
29 lag med til saman 79 sendemenn. På møtet blei det samrøystes ved
teke at laga skulde gå inn i ein samskipnad for heile fylket.
Etter fullmakt frå møtet tok styret det fyrste året upp arbeidet for eit
ungdomsblad for Nord-Norig, og fekk ut eit prøvenummer fyre fyrste års
møtet. Årsmøtet gav so styret fullmakt til å gjeve ut bladet dersom det på
fyrehand fekk nok studnad. Men det fekk det ikkje, og det blei derfor
ikkje noko av.
I dei fyrste åra gav styret hjelp og rettleiding ved å få tak i billege
småskrifter åt laga,
og ved rundskriv um
dei ymse uppgåver
som låg nærast fyre.
Ei tid nytta samskip
naden bladet «Lauv
sprett» — som mål
laget ved lærarskulen
på Trums gav ut —
til meldingsblad. Si
dan 1916 har ung
domsfylkingen saman
med Lofoten og Ve
sterålen ungd.lag gje-
Ingv. Rødvik. Peder As/and.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free