- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
104

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104
Til fylkesformann for siste året er vald ungdomspresten,
Berg Rolness. Samstundes vart fylkeslaget og foredragsla
get skilde, såleis at dei fekk kvar sin skrivar og rekneskaps
førar. Skrivar for fylkeslaget er no lærar Olav Torbjørn
Skare, Svolvær. Det er med dette valet kome heilt nye
folk inn i fylkesstyret og dette har mykje å segje fortil
taksemd, fart og omskifte i arbeidet. Men det vert inga
oiav Torbjørn skare. lett sak å styre ungdomsfylkingen fram heretter. Dei økono
miske vanskane er nemnde før. Dei vert verre heretter, med
di landslaget krev større og større ytingar, og er mykje meir herre no enn,
før. I landslaget si årsmelding 1907 heiter det at fylkeslaga er nerven i
arbeidet. Ein har ofte ei kjensle av at dei er det ikkje no lenger; no er
dei rettare å likne med viljelause lemer. Dette har gjort idet tungt for fyl
kesstyra å arbeide, og vil gjere det endå tyngre. Det er, verdt å merke seg,
trur eg, at det på siste årsmøtet i Lofoten og Vesterålen ungdomslag var
sterke røyster som åtvara mot å fylgje med i landslaget lenger. Dei var
med andre ord komne attende — om kanskje på annan grunn — til det
same synet som for 15 år sidan, i 1906, motsette seg at fylkingen skulde
meldast inn i Norigs ungdl. Og held utviklinga fram som ho stemner nor
karm det vere freistande å spå at heile fylkeslaget ein dag ser, at den gamle
skipnaden med eit Nordlands ungdomslag kanskje hadde vore den høvelegaste.
T. WICKLUND.
HÅLOGALANDS UNGDOMSLAG.
Frå fyrst av var det eitt fylkeslag i Nordlands fylke, og dette heitte Nord
lands ungdomslag. Det vart skipa året 1900, og det skal vera bladstyrar
Olav Eide, den gongen journalist på Bodøy, som gjorde upptaket til denne
samskipnaden.
Men det synte seg straks at heile Nordlands fylke var for stort til ein
samskipnad, og difor vart det alt året etter bytt i tri krinslag med sine ser
skilde krinsstyre, og samstyret fekk etter den tid lite makt over samskipna
den. Krinsane heitte Lofoten og Vesterålen kreds, Salten kreds, og Helge
lands kreds av Nordlands ungdomslag. Helgelands kreds rakk til og med
Meløy, og vart seinare til Hålogalands ungdomslag.
Heller ikkje dette berga samskipnaden, Nordlands ungdomslag. Ung
domsrørsla var ny endå her nord, og programmet uklårt for dei fleste, so
det vart vandt for clesse krinsane og samstyret å arbeide saman. Serleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0114.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free