Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122
INNTRØNDELAG UNGDOMSSAMLAG.
Edv. Vekre,
fyrste fylkesform. (1895-96), var
med og skipa N. ul., fylkesform.
1904-06.
Alt i åttiåra vart det skipa eit og anna ung
domslaget i Inntrøndelag, og i fyrstninga av nittiåra
fanst det ungdomslag i dei fleste bygdene frå og
med Stjørdalen og til og med Snåsa og Beitstaden.
Men dei einskilde laga visste lite og inkje um
kvarandre heilt til 1893. Då var det fire ung
domslag, nemleg «Fram» i Steinkjer, «Forsøket»
i Egge og «Samhald» og «Håbet» i Beitstaden,
som vart samde um å få i stand ei større ung
domsstemne for desse laga og andre, som vilde
vera med. Ei nemnd med tvo medlemer frå
kvart av laga, kom saman i Steinkjer for å
fyrebu stemna. Til stemnestad vart utpeika Sæter
ved Levanger, som høgskulestyrar O. K. Kuløy
den gongen åtte. Då han var viljug til å taka imot stemnelyden, vart
stemna sett til ein sundag tidleg i juli. Det var ein fin solskinsdag, og
endå det sat urøynde folk i fyrebuingsnemnda, vart stemna, den fyrste større
ungdomsstemna i Inntrøndelag, i det store og heile sers vellukka. Den
gamle høgskulemannen O. K. Kuløy tala varmt og manande til ungdomen.
Dessutan vart det halde tale av presten Fr. Wexelsen, noverande skule
direktør Skard, kand. teol. Hagemann (no skuledirektør), overlærar Arne
Vestrum, lærar Vekre, Ingv. Sakshaug o. fl. Forfattaren Endre Jerpstad var
til stades og las upp, eit orkester frå Steinkjer spela. Det var ei herleg
stemne, med sol og sumar, med ungdom og von.
Året etter — i 1894 — valde atter dei fire
ungdomslaga ei nemnd, som skulde fyrebu ei
liknande stemne. Denne gongen tinga dei med
stortingsmann H. K. Foosnæs um å få halda
stemna på Foosnæs i Beitstaden ein sundag i
fyrstninga av august. Endå veret ikkje var det
beste, møtte her og mykje ungdom, serleg frå
bygdene ikring indre enden av fjorden. Stemne
lyden vart vel motteken, og trass i veret, vart det
ei gild stemne med talar av H. K. Foosnæs o. fl.
Endå det var halde to større stemnor hadde tan
ken um samskipnad av dei ymse ungdomslag i Inn
trøndelag ikkje kome fullt offentleg til orde. Det
Høgskulelærar Ingvald Sakshaug,
fylkesform. 1897-99.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>