Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
143
hadde denne plassen til årsmøtet 23. sept.
1899.
Dette årsmøtet var på Frei. 29 lag var no
innmelde i fylkeslaget; men på møtet var det
utsendingar frå berre 9 lag. På dette møtet
vart kyrkjesongar P. Hals vald til formann etter
Skuggevik.
I årsmeldingi vert det klaga over at interessa
hjå lagi var liti. Kyrkjesongar Lars Holm
hadde reist um i ytre og nordre Nordmør og
halde foredrag; men so få folk møtte, at det
skulde ikkje freista til framhald.
Edvard Langset.
I styremøte 29. desember 1899 vart det ved-
teke å melda fylkeslaget inn i landslaget. Dessutan vart det vedteke å senda
til lagi eit rundskriv um at ungdomen tok seg av helse- og reinsemdspurs
målet soleis at dei fekk lækjarar til å halda foredrag i lagi, verka for billege bad
i alle heimane, um å fremja treplantingssaki og den nasjonale husflit, og at
lagi får lærarar, prestar, juristar og andre til å halda foredrag over ålmen
gagnlege emne.
Årsmøtet i 1900 var i Todalen og i 1901 i Tingvoll. Um hausten
1901 sette fylkeslaget i gang eit husflitkurs i Tingvoll. I 1902 skulde det
i Fosna vera røysting um brennevinssamlag, og fylkesstyret sende då eit
rundskriv til lagi og bad dei skriva under og senda inn protest mot samlaget.
I 1903 vitja Hans Reynolds 24 ungdomslag på Nordmør. I 1904—05
vart det halde eit par lokalstemnor. Dessutan reiste nokre av styresmennene
og heldt foredrag.
W. Coucheron Aamodt for ikring og heldt foredrag i dei fleste lag.
Saman med Sunnmøre og Romsdals ungdoms
lag heldt Nordmør ungdomslag ei spelsternne
i Fosna 8. januar 1905 til å fremja den nasjo
nale spelkunst. Årsmøtet var halde i Surnada
len i september. På dette årsmøtet vart lærar
E. Torvik vald til formann etter Peder Hals,
som sa frå seg attval. Då hadde han vore for
mann sidan 1899. I februar 1906 fekk fylkeslaget
i stand eit møte i Fosna saman med Nordmør
landbrukslag sitt årsmøte, for å samrå um korleis
husflitsyrket skulde fremjast på beste måte. My
kje folk var på dette møtet. 2 husflitskeid vart
haldne, eit i Skeidsdalen og eit i Batnfjorden.
laHFk
ff. Norby Olsen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>