Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
153
Frå vevskeidet i Nesjestranda ul. vinteren 1910.
det att for ein sum på 41 300 kr. Hotell «Alexandria» vart ogso tilbode
ungdomssamlaget for ein sum av 150 000 kr., men styret og sidan eit
utsendingsmøte våga ikkje dette kjøpet so farlege og skiftande tidene nett
då var. Noko årsmøte vart det ikkje dette året, men protokollen syner at
desse foredragshaldarar reiste i laga: Gerhard Kjølås og ungdomsprest Eik
Næss. Likeeins var det ei lita ungdomsstemne på Veøy Olavsdagen 29. juli
med preike av Eik Næss og foredrag av sokneprest Seip og Coucheron-
Aamot.
Hotell «Central» vart burtleigt ogso året etter. Årsmøtet og stemna vart
haldne i Isfjorden 29. og 30. juni.
Styret hadde løyvt 200 kr. til «Handbok for ungdomslag» og betalt rest
skulda på Solvang 6000 kr. Årsmøtet godkjende eit framlegg frå styret om
å yta 500 kr. til skytebana i Molde. Likeeins fekk styret fullmakt å yta 500
til 1000 kr. til jubileumsfondet åt Det norske samlaget. Sand sa frå seg
formannsplassen og lærar N. Engja vart vald i staden. Dei andre i styret
vart: A. O. Sand, Joh. Einang, Erling Kristvik og M. P. Dyrstad.
For året 1917— 18 må nemnast: styremøte 31. august. Det låg fyre
spursmål frå Romsdals landmannslag og dei andre samskipnader i futeriket
om å byggja eit «Bøndernes hus» med kaffistove og bondeheim osb.
Styret samdest om å setja op desse vilkåra for samarbeidet: «Romsdals ung
domssamlag gjeng med som luttakar i samskipnaden «Bøndernes hus».
Samlaget vert då medeigar i huset og fær so mange rom som trengst
til ei tidhøveleg kaffistove og bondeheim, som då vert drivne for ungdoms
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>