Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
159
berg, fylkesskulestyrar B. Weiberg-Aurdal, Anders Vassbotn og lærar A. Sun
dal Ungdomen hadde reist ein bautastein over Synnøve Riste som no var
død. Rønneberg heldt avdukingstalen, og var elles den leidande på heile
møtet. Det vart vedteke å få til eit samlag for alle frilyndte ungdomslag
på Sunnmøre.
Skipingsmøtet vart halde i Ålesund den 15. okt. 1894. 11 lag hadde utsen
dingar. Lover vart vedtekne, og styre vart valt. Dermed var «Sunnmøre fri
lyndte ungdomssamlag» skipa. Det fyrste styret var: Bladstyrar Ivar Flem, for
mann, Jon Aasen, næstformann, K Friis Petersen (seinare riksråd og fylkesmann)>
kassestyrar, bonde Jørgen Gjærde og lærar A.
Sundal. 300 lagsfolk stod i samskipnaden
fyrste året.
Ungdomslaga på Sunnmøre møtte mykje
motbør av høgrefolket og dei mest trongsynte,
men gjekk likevel hugheilt i striden for dei sa
kene som etterkvart melde seg. Fyrst kom arbei
det for målsaka; men arbeidsmarka auka meir
og meir. Avhaldssaka kom med, skogsaka, hus
flitssaka, og so dei meir lokale sakene, arbeid
for eige hus åt laga og ymse anna. Talet på
lagsfolk i samskipnaden auka. Her er eit dø
me: I 1897 var talet på lagsfolk 470, i 1900
kring 800, i 1905 — 1300, i 1910 — 2500,
i 1915 — 3000 og i 1920 — 3300.
Olav Hamar,
som har styrt folkehøgskulen i
Ørsta sidan 1908.
Talet på einskilde ungdomslag er no umlag 70. 60 lag hev boksamling
med umlag 5500 band. 25 lag hev eige hus. Laga hev 18 songlag, 18
avhaldslag, 20 idrottslag, 4 spellag og 2 musikklag. Nettoeiga er umlag
200,000 kr., av det er 40,000 kr. reide pengar.
Ungdomssamlaget hev og gått jamt fram. Økonomisk er stoda no slik:
Bruttoeige: 400,000 kr., nettoeige 200,000 kr. Mange arbeidsgreiner hev
ungdomssamlaget sett i gang eller gjeve studnad. Av desse skal fyrst nemnast:
Skulane. Det var dei som stod i brodden for den frilyndte ungdoms
rørsla som tok upp tanken um ein folkehøgskule på Sunnmøre. I 1899 tok
Per Riste til å tinge med Andreas Austlid og bad honom setje i gang ein
folkehøgskule i Ørsta. Austlid var viljug, det offentlege hjelpte til, og Møre
folkehøgskule kom i gang den 9. okt. 1899. Umfram Austlid vart Olav
Aasmundstad, Olav Hamar og Ragna Vartdal (no fru lærar Valde) lærarar
ved skulen. I 1902 bygde Austlid hus, og skulestaden fekk namnet «Ljos
heim».
Austlid åtte og styrde skulen til 1908, då tok han til å trøytne og vilde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>