- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
177

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

177
horn, lærar S. Eldevik, Jon Fridtun og Matias
Slagstad. Etter denne fyrste ungdomsstemna
vart det skipa det eine ungdomslag etter det
andre over heile Nordfjord.
På denne tid vart det skrive i ymse blad
um eit landslag for frilyndt ungdom. Men
skulde ungdomslagi her koma med i eit slikt
landslag, måtte dei fyrst skipa seg saman til eit
fylkeslag. Den valde stemnenemndi tok difor
ogso upp spursmålet um skiping av eit fylkes
lag, og skreiv um det i «Unge Skud».
Stemna i 1895 vart halde på Austrheim i
Gloppen 4. og 5. juni. Stemnelyden var stor, og
veret var fint. Talarane var emissær Peder Svend-
Ola Sande,
fylkesform. frå 1908.
sen, Lorentz Nybø og G. Reed. Hendens ungdomslag synte fram skodespelet
«Ervingen», og Nordstrands ungdomslag synte fram «Pinseveir» av
A. Vassbotn.
Jon Fridtun fyreorda spursmålet um eit fylkeslag, og las upp eit fram
legg til lover for samskipnaden, utarbeidde av stemnenemndi.
Dette førde til at det vart valt ei skipingsnemnd som skulde setja seg
i samband med kvart einskilt ungdomslag, og so lysa til eit møte av sende
menn frå dei lag som vilde vera med å skipa eit fylkeslag. Skipingsnemndi
vart: Lars Reed, form , Jon Fridtun, Lorentz Nybø, G. Reed og O. Vambesæt.
Sendemannsmøtet kom i hop i Stryn 7. februar 1896. Av nemndi møtte
L. Reed, Jon Fridtun og varamannen Rasmus Lothe, og so møtte det 12
utsendingar frå 6 lag. Det vart samrøystes vedteke å skipa eit ungdoms
Håkon Asvejen,
f i 1919.
12 — Norigs Ungdomslag.
samlag for Nordfjord og Sunnfjord, lover vart
vedtekne, og etter framlegg av O. M. Kirkeide
vart fylkeslaget kalla Firda ungdomslag.
§ 1 i lovene var soleis: «Ungdomssam
laget hev til fyremål å hjelpa ungdomen til eit
fritt, klårt syn på vår samtid, vekkja hans sam
hug for dei mange uppgåvor som no er fram
me til løysing, og dertil prøva å gjera all ung
domsmoro edlare og reinare.»
Det vart valt eit millombils styre som
skulde stå til fylkeslaget kunde ha stemne og
årsmøte ut på sumaren. Dette fyrste styre
for Firda ungdomslag vart: L. Reed, form.,
Jon Fridtun, varaform., lærar P. Lien, R. Lothe

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free