- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
232

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

232
R. ul. vedtok å yta den hjelpi som trengst utanum laget, til foredrags-,
årstilskot og rikstilskot.
Fylkeslaget har ogso teke upp arbeidet for idrotten. Og etter uppmo
ding og rettleiding frå R. ul. vart det skipa fleire idrottslag i ul. i fjor.
Nokon serskild fast samskipnad for desse utanfor R. ul. er det enno ikkje
vorte. Det er berre ei serskild nemnd som styrer med det til dessa. Og
på årsstemna i år fekk ein i stand idrottskappingar for fyrste gong.
I året 1900 tok R. ul. upp spursmålet um eit ungdomslag for Roga
land. Dette vart det ikkje noko av då. Men i 1907 vedtok årsmøtet å gi
studnad til eit ungdomsblad på norsk mål som Bondeungdomslaget i Stav
anger vilde gi ut. Og i 1908 vart dette bladet, som fekk namnet «Rvgja
Tidend», teke til lagsblad for R. ul..
På årsmøtet i 1912 vart det gjort vedtak um å arbeida for å få eit
dagblad på norsk mål for Rogaland.
I 1914 tok R. ul. for kr. 4000 i luter iLÆ Rygja Tidend. 1915 ved
tok laget å tilrå å gjera «Rygja Tidend» til dagblad. Og i 1916 overtok
Rogalands ul. «Rygja Tidend» med aktiva og passiva og let bladet koma
ut 3 gonger um vika som fyrr. Enevald Kleppe, som no var skrivar og
kassestyrar i Rogalands ul. styrde kontoret til ein fekk tilsett bladstyrar. Til
bladstyrar vart sett Ivar Høvik frå «Den 17de Mai».
På årsmøtet i 1917 vart det vedteke at laget skulde setja i gang ei lut
teikning med det fyremålet å få «Rygja Tidend» til dagblad snarast råd.
Den ny-tilsette skrivaren og forretningsføraren i Rogalands ul , Magnus Våge,
tok då til med lutsanking kringum i Rogaland og ved nyaarsbel 1918 var
det teikna for ikring femti tusen kr. i luter.
I juni 1918 slutta bladstyrar Ivar Høvik, og R. ul. sette skrivaren sin
Magnus Våge saman med lærar Lars Risvoll til bladstyre. Men heile tidi,
R. ul. hadde vore utgjevar, hadde laget ytt store summar til å dekkja under
skotet. Bladet hadde då 1600 tingarar og var vel umtykt. Endskapen vart
likevel at R. ul. vedtok å lata «Rygja Tidend» kvila og arbeida kraftig for
at dagbladet kom i gang snarast råd var.
Men so tok Lars Risvoll på seg å gi ut «Rygja Tidend» ein gong um
vika. Han let det koma året ut, men so gav han og upp.
Då sette Rogalands ul. i gang eit 16-sidigt ungdomsblad, som skulde
koma 1 gong um månaden heilt på norsk mål. Det heiter Rogalands
Ungdomslag — Lags- og Ungdomsblad — og kjem ut i Stavanger. Blad
styrar er Magnus Vaage. Dette bladet er vorte sers vel motteke av ung
domen i Rogaland og har no millom 12 og 1300 tingarar.
Men lutteikningi til dagbladet på norsk held fram. Det er teikna vel 200 tu
sen kr. Og prentemaskinone av nyaste og beste slaget er kjøpte billeg i Tyskland.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0242.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free