Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
240
var og forretningsførar. Han har seinare stått for det daglege arbeidet i
fylkeslaget, er elles forretningsførar for lagsbruki. Han er og bladstyrar
for bladet «Rogalands Ungdomslag».
I 1919 tok laget ogso ein ferdaskrivar. Det var Sigmund Espeland frå
Fana. Han skal halda foredrag, gi rettleiding i lagsarbeid, halda skeid i
leik og norsk dans o. 1.
Fylkeslaget har elles faste høvestalarar, som lagi karm nytta utan
utloge til anna enn skjuss og upphald. Desse høvestalarane plar verta bruka
mykje og gjer godt arbeid for ungdomssaki. Høvestalarar i dei siste åri
har vore Åmund Salveson og Jon Hovda, folkehøgskulelærar Hallvard Svello,
lærarane Søren Midttun, Johs. Gill, kyrkjesongarane Jens Børretzen og Kr.
Indrehus, folkehøgskulestyrar Olav Hidle. Elles har Søren Øvretveit halde
ei mengd foredrag i ul. heile Rogaland ikring.
Av langframande talarar som har halde foredrag i alle eller fleire ul. i
fylket karm eg nemna frå 1899 pastor Thordarson, W. Coucheron-Åmot,
Klaus Sletten, B. Th. Anker — ogso messor på norsk mål, GudmunQur
Hjaltason, Hans Årnes, Hans Reynolds, Olav Myklebust, presten Haugsøen
— ogso messor på norsk. Høgskulelærar 5. Kyåle og frue, Idar Handa
gard, major Segelcke, Herman Midttun, Martin Birkeland, Elias Melvær
Johan Djupevik, Halfdan Freihow — ogso messor på norsk, Knut Takla.
Det er Rogalands ul. som for det meste har bore kostnaden med desse
foredragi. Dei einskilde ul. har oftaste teke upphaldet på seg.
So har Rogalands ul. fått lærarar i spel og leik til å fara i lagi. Eg
karm nemna felespelar John Dahle som har vitja alle lag, like eins fele
spelar Leiv Mæle som fleire gonger har fare i lagi. Baae desse har spela
gamle nasjonale slåttar og annan nasjonal musikk.
Og i 1911 —12 for Arne Hattestad kring i lagi og song folkevisor og
lærde frå seg folkeviseleik. Og i 1919 heldt frk. Ingeborg Fedje eit vikes
skeid i folkeviseleik og norsk turdans i dei fleste lagi.
Kvart år har R. ul. skipa til ei eller fleire ungdomsstemnor i Rogaland.
På hovudstemnone har det i seinare år alltid og vore heilnorsk gudsteneste.
Stemnone fyre 1899 var i byen, men frå den tid vart stemnone lagde snart
her og snart der utover landsbygdene.
På stemnone har det ogso vore upplesing, song og spel. Hans Seland
har vore på fleire, Thv. Lammers og frue og teatersjef Rasmussen har sunge,
like eins ymse songkor frå bygd og by. So har det vore felespel av Leiv
Mæle. Organist Karl Svendsen har vore på mange stemnor og spela orgel
og fele. Like eins har Olav Sande sunge på ei stemne.
Årsmøtet har jamnast vore laurdagen fyre stemna. Etter dette har det
vore fest i ul. på staden. Og der har det vore fleire talar, like eins ofte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>