Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
243
skipingsstemna. Ein veit elles reint forlite om
fyrste arbeidsåra, avdi det ikkje blei ført møtebok
før 1897.
Av dei menn som stod i brodden for ski
pingsarbeidet må fylkeskontorist Axel Tobiassen
nemnast fyrst. Han er død for fleire år sidan,
og eg hev ikkje av skyldfolket hans fått oplys
ningar som hev noko verd her.
Stortingsmann Fuglestvedtvar idealist, livsfrisk
og arbeidshuga. Og millom ungdomen lika han
å arbeide. Han skipa skyttarlag i heimbygda,
Øyslebø, heldt foredrag for ungdomen, ja samla
han og pm seg i heimen sin til samrøde og
Lærar Gunnar Nomeland,
fyregangsmann i Bygland ul.
forteljing. I skog og mark og på fjellferder skulde* ungdomen med. Han
vilde så gjerne opne augo deira for alt det vakre i voksterlivet og dyrelivet.
Ordførarromet i heimbygda laut han ta over straks han slutta med lærar
yrket og skulde drive farsgarden. I fylkestinget var han ein vyrd mann;
og elles var han med i landbruksselskapet, fylkesutvalet og fylkesskulestyret.
I 1900 blei han vald til tingmann frå Mandalens krins. Fuglestvedt var fødd
1841 og døydde 1902.
Bladstyrar Tomas Torsvik er fødd i Randesund 1862. Riksrett og unions
strid kveikte han til arbeid for nasjonale saker. Etter han hadde vore lærar
ei tid, styrde han ein folkehøgskule i Vest-Agder og var so bladstyrar ,i
«Lister» og «Agder». Sidan var han gardbrukar i fleire år. Frå 1909— 12
var han stortingsmann, og sidan hev han styrt «Fædrelandsvennen» i Kristi
anssand. Kringom i Vest-Agder hev han halde mange foredrag. Ei heil
årrekkje var han formann i Vest-Agder ungdomslag.
Setesdøler i gangar (Bygland ungdomslag).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>