- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
251

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

251
føremuner byane nå hev — gode skular, boksamlingar, lesesalar, gymnastikk-
Tom, idrettsplassar o.s.b. også må bli å finne utover landet. I fylkeslaget
er nå 39 lag, medan 22 hev meldt seg ut.
Det er visstnok ymse årsaker til at så mange lag hev lote leggje ned
arbeidet. Opgåve frå kvart lag hev me ikkje, men dei viktugaste grunnar
trur me å vite:
Dei religiøse vekkjingane over bygdene i Vest-Agder hev godtsom alltid
født eit einsynt, trongt livssyn. Eit livssyn som ikkje toler den naturlege
livstrongen hjå ungdomen. Når så ungdomslaga nett vilde ale til liv natur
leg, sunn livskjensle, blei dei set på som «djevlereir» som laut øydast. Og
striden imot dette livssyn blei for sume for tung dessverre. Eitt etter eitt
av laga laut leggje ned.
I mange bygder — serleg sjøbygdene kring Flikkefjord — Lista og
Farsund, hev ungdomen svært mannjamt teke ut, — anten som sjøgutar eller
fare til Amerika. Dei blei i ungdomsåra framande for dei nasjonale opgåver
som serleg fyrste åra var hovudpost på laga sitt program. Og utan å vere
fengd av den nasjonale åreelden, var det tungt å halde laga friske og levande.
Nektast kan det heller ikkje at dansen hev vore drepande gift i mange
lag — serleg der rusdrykken hev havt fritt spelerom. Den leiken krev sin
hemn — før eller seinare.
Formenn i fylkeslaget hev desse vore: Fylkeskontorist Axel Tobiassen,
bladstyrar Tomas Torsvik, lærar Askell Røskeland, gardbrukar Andreas Haugedal,
gardbrukar Tobias Leirkjær, gardbrukar Tomas Åsen, kasserar Olav Galteland.
Formann no er Jon Åsen.
Til slutt vil eg ynskje heppe og lukke med alt sant frilyndt ungdomsarbeid
landet over — Me tek til å bli sterke nå. Lat oss dd lyfte i flokk!
JON ÅSEN.
AUST-AGDER UNGDOMSLAG.
Den som fyrst reiste arbeidet var den eldhuga kyrkjesongaren i Landvik
Torjus Hanssen, folkehøgskulens og Ullmanns trugne ven. Han skipa den
Iste stemna på Vigmarka 24.-25. juni 1894. Han hadde då med seg
nokre av dei fremste åndsfrendar som talarar og hjelpesmenn: lensmann
Ivar Fløistad, lærar Oddm. Ljone, redaktør I. Svendsen og redaktør Andr.
Hansson. Dermed var grunnen lagd, og det større samla ungdomsarbeid
sett i gang.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0261.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free