Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
272
vert fastsett. Det må og verta forbod mot at ungdomshusa vert utleigde
til dans og festar som karm tenkjast å vera til skade for ungdomen.
Dinæst vilde det vera bra um landslaget kunde senda ut spursmål eller
saker til dryfting i einskildlaga. Med det vil dei og kunna få hjelp til å
fremja sosialt arbeid, som har ei stor og uppsedande makt på dei unge,
t. d. jorddyrkingsfond, gamleheim, fatiggard, sjukestell o. s. fr.
Største uppgåva for ungdomssamskipnaden må no vera eit sterkt arbeid
for å vekkja ansvarskjensla og viljen til å vera bra og gode menneske i
heim, lag og samfund. Difor må Numedal fylkeslag trufast vakta på arbei
det i einskildlaga, so ikkje dans og moro vert det viktigaste; men at det
nasjonale og folkelege upplysingsarbeid vert hovudsaka. Like eins må det
leggjast meir arbeid på å få innført norsken i skulane og i kommunale og
andre offentlege umbod.
Det er no 8 lag som er innmelde i fylkeslaget. Desse laga har alle vore
i verksemd sidan dei vart skipa. Ikkje noko lag har meldt seg ut.
(På fylkeslagsstemna i Nore i sumar— 1921 — var det norsk gudsteneste
ved Haugsøen, talar av Johan Austbø, R. Haugsøen og fylkesformannen og
til slutt kappleik på fele).
TORE BERGSTØL
HALLINGDALS FYLKESLAG
Etter kvart dei serskilde ungdomslag voks og fastna, vart dei klår over
at ungdomsrørsla hadde mykje sams arbeidsmål alle stader. Med dette vakna
ogso trongen til samskiping. Her i Hallingdal vart denne trongen fyrst
stetta på den måten, at ungdomslagi innan sume prestegjeld skipa seg saman.
Soleis hadde me i Hol ein slik samskipnad, «Ljos og Liv», og i Ål ein,
«Ålingen». Desse samskipnadene arbeidde nok godt kvar for seg, men
krinsen vart vel liten. Fyrste teiknet til at ein samskipnad for heile dalen
måtte koma, var kravet um ungdomsstemnor for Hallingdal. Den fyrste
som vel bar denne tanken fram for ålmenta var visstnok Eirik Strindeberg
i eit bladstykke i «Unglyden». Seinare kom ogso andre og studde upp
under. Og våren 189 Qvart det verkeleg halde ei stemne for Hallingdal.
Stemna var i Ål. Der var utsendingar frå Hol, Ål, Gol og Nes. Ymse
spursmål vedkomande ungdomslagi og arbeidsmåtane der vart dryfte, men
noko samskipingsplanar var visstnok ikkje framme på dette utsendingsmøtet.
På sjølve stemna tala presten Christie til ungdomen, lærar Bækkestad tala
um målsaki, og stortingsmann Berg um avhaldssaki. Eit spellag frå ung
domslaget «Framtidi» synte fram spelstykket «Ei hugvending».
Våren 1902 vart det atter sendt ut innbjoding frå Ål til ei ungdoms
stemne for Hallingdal. Til utsendingsmøtet no møtte det utsendingar frå
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>