- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
276

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

276
samskipnaden. For det eine er det ein stor moralsk
studnad å vita ein stend saman med åndsfrendar
frå heile landet, med eit stort samlande program.
Og so er det den beinveges hjelpi som fylkeslag
helst, men ogso einskildlag, kan få med talarar,
lagsbladet, handboki og anna.
Det er ofte leidt å finna foredragshaldarar,
helst til foredragslaget, men ofte og til einskilde
foredrag. Let det seg gjera utan altfor mykje
arbeid og kostnad, vilde det truleg koma vel med
for mange å få prenta ei årviss liste over fore
dragshaldarar og foredragsemne, både for ferda
lalarar og høvestalarar, noko liknande som det
Arnfinn Breie.
heftet departementet årleg sender ut til foredragslagi
Mange ungdomslag er so upprådde med å få til noko på møti. Serleg
ber dei seg ille for at ordskiftet gjeng so trått. Kanskje landslaget kunde
ha i tankar um det kunde vera verdt arbeida ut eit hefte med høvelege emne
for ordskifte, helst lette emne, og samstundes gjeva rettleiding um ordskifte,
dei ymse sidor ved emnet o.s.b. Ein kunde i tilfelle kanskje letta arbeidet
med å lysa ut i «Norsk Ungdom», at lagsleidarar sende inn emne dei hadde
prøvt og litt utgreiding um røynsla med det.
I «Norsk Ungdom» kunde det gjerne vera ein bokteig, med nemning og
umtale av bøker og skrifter som kjem ut og serleg passar for ungdomen,
helst slikt som beintfram eller umveges styd vår sak.
Den frilyndte ungdomsrørsla hev sitt upphav og arbeid millom bonde
ungdomen, og arbeider sjølvsagt i fyrste line for upplysing og sjølvhevding
hjå han. Og målet er: Norig atterreist på bondegrunn. No lever me iei
tid som er serleg upprivi og leitande. Grunn
laget tykkjest svikta under alt. Det kan då vera
eit spursmål um ein skulde freista finna ein litt
breidare plass på programmet vårt for dei sosiale
og religiøse spursmål. Dei sosiale spursmål bryt
på med velde, og ingen ungdom kan ha godt
av å vera likesæl um dei. Det kunde vera verdt
ta dei upp og freista finna ei løysing som ikkje
skipla vårt grunnlag for mykje.
Det materialistiske livssyn råder og rikjer.
Njotingssjuka, ansvarsløysa og likesæla driv oss
mot stupet. — Kor er hjelpi? Religionen held
på glid burt for folket, serleg frå ungdomen. Dei Ola og Dorthea Perstølen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0286.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free