Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
286
Fru Petra Wad, fødd Storøy, bør ogso nemnast. Ho var med skipa
Flå ungdomslag, og arbeidde godt der. I 1905 kom ho med i fylkeslags
styret. Men alt året etter måtte ho gjeva plassen til mannen sin. Petra
Wad er frå Namdalen. I 1900 vart ho lærarinne i Flå, og hev havt post
der like til for tri år sidan, då ho vart sjuk og laut slutta.
Ja, dette var nokre. Men her er mange elles som skulde og burde vore
med, som hev lagt ned eit stort arbeid for ungdomssaki både i fylkeslaget
og utanum i mange år. Eg skulde havt hug havt med Ola Rimehaugen,
som var av dei berande krefter i ul. «Fram» i mange år, kvassaste penn
som hev klora i det handskrivne bladet i det laget. Han døydde dessverre
so ung.
Og so Ivar Slettemoen frå Hol då! Han den staute morosame lærar og
bonde frå Hol, som var med i fylkesstyret so mange år. Han er ordførar
no, og lærar, hev stor gard og er uppteken på alle vis. Men han er årviss
på ungdomsstemnone og på årsmøti i .fylkeslaget. Og skulestyrar Anders
Haug, som var styresmann i fylkeslaget i mange år, hev vore ein god mann
for ungdomslagi i Hallingdal. Han kan ikkje segja nei, når han vert beden
um foredrag. Men han kan halda foredrag! — Mange vilde ha han til
formann i fylkeslaget, men eg synest han er so stort føraremne, at dette er
liksom for lite setja han til med.
Asle Perstølen hadde nok ogso fortent eit rom. Han var fleire år styres
medlem i fylkeslaget. Han er so fanatisk målmann, at han heller let hogga
klypa av seg enn han brukar ho til eit dansk ord. Men på same tid er
han noko av ein forretningsmann, praktisk og på-gåande, og hev vore ein
svært god mann å ha både for ungdomslaget «Fram» og for fylkeslaget.
Og eg kunde nemna lærar O. T. Brennhovd, Knut Ellingsgard, Lars
Reinton, O. Narum, Olava og Gunnar Engh, B. Kaland, telegrafist Bjørsvik,
Brørne Rustberggard og mange fleire som hev sett merke etter seg i ung
domsarbeidet i Hallingdal. Dertil kjem alle dei som ikkje vert spurd utanum
sitt eige lag, men som likevel hev lagt ned større arbeid for saki enn mangt
som ruvar meir.
OLA PERSTØLEN.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>