- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
288

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

288
ande foredragshaldarar åt lagi, og det vart fastsett
at ungdomsstemnone skiftevis skulde haldast i
dei ymse bygder.
So noko lite um dei menn som skipa laget:
O. E. Bø var fødd i Aurdal. Han var lærar
ymse stader, var so i Amerika ei 2—3 år og
heldt sidan fram med læraryrket I 1899 grunnla
han Valdies folkehøgskule som han styrde heilt
til han døydde i 1 917. Bø var ein offerhuga
idealist som aldri sparde seg i arbeidet for det
han hadde kjært. Han tok tunge tak for ung
domssak, målsak og avhaldssak og for å reisa
bondekulturen på nasjonal grunn. No brydder
Bonde Olav Moe.
og gror det godt etter hans arbeid kring i bygdene våre. I mange år var
han med i styret for Valdres ungdomslag, i 3 år formann.
Knut O. Alfstad er fødd i Øystre Slidre. Far hans, Ola K. Alfstad, var
kjend som ein ihuga og dugande kar, og sonen likjest honom i dette.
Han har vore og er svært mykje med i offentleg styr og stell og i arbeidet
i ymse lag. Soleis har han i 22 år vore med i heradstyret, no ordførar, er
stortingsvaramann o. s. b. I lang tid har han vore formann i ungdomslag
og jordbrukslag og elles stade i brodden for ymse samskipnader, soleis for
Valdres ungdomslag dei 2 fyrste åri.
Olav Rogne var lærar i Øystre Slidre, heimbygdi si, ei tid og vart so
framhaldsskulestyrar i Land og driv attåt det ættargarden sin. Han var kas
serar i Valdres ungdomslag i fleire år den fyrste
tidi og har elles vore mykje med i ungdoms
og avhaldsarbeidet; han skipa soleis ul. «Fram»
i Øystre Slidre.
Knut Jørstad er og øystreslidring. Han er
gardbrukar og bankkasserar. Har vore svært
mykje med i bygdestyret, soleis medlem av
heradstyret i umlag 30 år, ei tid som ordførar.
Jørstad har havt stor interesse for ungdoms
arbeidet. Var ei tid med i styret for Valdres
ungdomslag og har t. d. vore til stades på alle
stemnor i samskipnaden so nær som eit par stykke.
Ole Thorsrud har i velso 40 år vore lærar
i heimbygdi si, Bagn. Dei siste 20 åri har han
og vore kyrkjesongar. Han har arbeidt traust
og trufast for ungdoms- og avhaldssak. Aldri
Dokter Harald Lyche,
fyregangsm. for norskdoms- og
ungd.arb. i Valdres, skipa ut.
Valdresvarden" i 1912 og skipa
mållaget Heimatt" i Fredriksstad
i 1900.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0298.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free