- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
304

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

304
På årsstemna var det foredrag av president Liestøl um norsk bondekul
tur, N. Gjelsvik tala um målsaki. Her var det nokre få som prøvde seg
med piping. Men freistnaden drukna i håndklapp.
Fylkeslaget løyvde 1912 — 13 300 kr. til foredragslaget; det tok ein lut
i «Det norske teatret», tinga ein halv årgang av «Bonden» til alle lag og
kjøpte småskrifter og spreidde dei millom lagi. Det vart halde ei skistemne
i Vågå. Etter uppmoding frå «Centralforeningen» gjekk styret med på å
velja Ivar Wold til å stå i brodden for idrottsaVbeidet i Gudbrandsdalen.
Lars Osa gjorde ei foredragsferd i dalen. Styret sende ei bøn til kyrkje
departementet at Gudbrandsdalen måtte få eit av dei 4-årige landsgymnas.
1913 — 14 tinga fylkeslaget «Bonden» til alle lag. Foredragslaget hadde
no i alt 1000 kr. å hjelpa seg med, og lagi fekk større hjelp til foredrag.
29. og 30. november 1913 var det eit sers utsendingsmøte på Otta.
Kapt. Edv. Os heldt foredrag over emnet: «Vil og kan vi forsvara oss?»
Seinare innleidde han ordskifte um idrotten i ungdomslagi. R. Stauri inn
leidde ordskifte um foredragslaget. A. Skrede innleidde ordskifte um songen
i lagi og T. Vigerust um spelstykke i lagi, O. Steinum um korleis ungdoms
lagi skal hjelpe upp og nytte ut boksamlingar. Olav Moe gjorde ei spelferd.
Årsmøte og stemna var på Maihaugen, Litlehamar, 14. og 15. juni. Til
Furulund"’, huset åt Sjoa ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0314.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free