- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
325

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

325
«Foreningen vil imidlertid udtale sin sympati
for sagen og håber at dens økonomiske stilling
inden en ikke altfor fjern fremtid vil tillade
denne at træde ind i forbundet.»
Ungdomslage i Ljørdalen gjorde det første
opptake til fylkeslag. Her kom tanken fram på
eit møte i ungdomslage 20.— 12. 1896. Etter
framlegg av skogstyrar Ola Bekk skreiv da Ljør
dalen ungdomslag åt desse andre ungdomslaga
i Trysil og 28. januar 1897 vart halde eit møte
ved Nybergsund, og der møttest utsendingar
frå ungdomslaga i Ljørdalen, Innbygda, S. Osen
og Heggerise. Her vart Ole Poulsen vald til
formann «inntil videre» og framlegg til lover
Peter Nybak,
fylkesform. sidan 1919.
for fylkeslage vart vedteke. Dette lovframlegge vart godkjent av dessa fire
nemnde ungdomslaga, og no har og møteboka åt Trysalir fått tak i tråden
og kan fortelja oss at fylkeslage kom i stand på nytt utsendingsmøte i Inn
bygda ellevte april s. å. Dette møte var det som tok og sette ein ny mann
inn på formannsplassen.
Heller ikkje fylkeslage Trysalir tufta arbeide sitt på fullnorsk grunn i den
fyrste tida. Namne og alt var på norskdansk — Trysil ungdomsforbund
— og lovene hadde det vanlege innhalde: «Forbundets formål er at samle
ungdommen til fælles arbeide for oplysning og dannelse blandt den opvok
sende slegt» o. s. fr.
Nytt utsendingsmøte vart halde 10.— 20. juni. Her møtte utsendingar
frå ungdomslaga i Ljørdalen, Innbygda, S. Osen, Heggerise, Østby og Vestby.
Forfattaren Håkon Garåsen,
sogeskrivaren åt Trysalir ul. form.
i ul. Skogstjerna" 1906-07.
Og alt her møter vi ein sterkare nasjonal vilje.
Etter framlegg av Sven Moren vart det vedteke
å endre namne på fylkeslage til Trysalir «efter
det ældste optegnede navn på Trysil».
Om ungdomsstemna 1897 fortel møteboka
ingenting.
Næste år — 1898 — var utsendingsmøte
og stemna i Ljørdalen 18.— 19. juni. Møte ved
tok å melde Trysalir inn i Norigs ungdomslag.
Etter eit foredrag av Sven Moren om «bonde
eller bykultur» vart samrøystes, etter framlegg
av Ole Poulsen vedteke å sende eit skriv til
kyrkjefolke i Trysil om å få «Blix’s herlige sal
mer antagne til brug i kirkerne i Trysil». Det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0335.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free