- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
328

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

328
5. Osen
*sen ungdomslag,
skipa 1896.
Lærar Ola Dybsand,
som skipa laget,
fyrste form. (1896).
Fanejunkar
A. G. Nordhagen,
skipingsm. og trugen
lagsm. i alle år.
Emil Søberg,
form. 1897 og 98,
1902 og 03.
Karsten Hagen, bonde,
heiderslagsmann.
Chr. Hammer,
heiderslagsmann.
Lærar J. O. Skåret,
form. frå 1920.
Årsmøte 1911 vedtok m. a. at fylkeslage skal sende listur kringom åt
laga og få dei til å samle inn pengar åt Trysilboka, og årsmeldinga viser
m. a. at styre i Trysalir i møte 25. septbr. vedtok å høyre med laga om
dei vil vera med å få i stand ein ungdomsskule for Trysil.
I 1912 vedtok styret å få ein mjølkelærar til å halde opplæring i
mjølking og fjøsstell. Årsmeldinga viser elles ingen framgang. Tale på
lagsfolk minkar.
På årsmøte 1916 vart m. a. vedteke å få i stand Trysil folkeakademi.
Årsmøte og stemna 1917 var i Søre Osen. Dette møte vedtok å
få ein ny paragraf inn i fylkeslova: dersom eit ungdomslag innan fylke
tek åt å arbeide for andre føremål enn dei frilyndte ungdomslaga, går lags
midelen åt fylkeskassa. Sameleis om eit lag blir nedlagt. På dette årsmøte
vart og vedteke at Trysalir vil gi Sven Moren ei æresgåve, no han har
arbeidt i fylkeslage i 20 år.
Etter framlegg frå Sven Moren vedtok årsmøte 1918 lover for Trysil
bygdemuseum. Av desse framgår det at musee høyrer Trysalir til og at
Trysalirs årsmøte vel styre for musee. Skulde Trysalir bli nedlagt, går musee
over åt Trysil kommune.
Årsmøte og stemna 1919 var på Solbakken 12.— 13. juli. På årsmøte
vart meldt at styre no hadde gjort kjøp på større tomt åt bygdemusee for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0338.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free