- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
336

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

336
Kyrkjesongar L. A. Hoel,
{f 1920), fyrste form. i fylkeslaget.
fylket; men turen vart ordna som konsert her
med billettsal av spelmannen; fylket studde
inkje til.
Ikkje vart det halde årsstemnor støtt heller,
— ikkje i 1903 og ikkje i 1905. I 1900 vart
stemna halden på Furulund ved Kirkenær. Ta
larar var: Kvisli, Arvesen og Slotsvik, eit par
skodespelarar las upp. Gudsteneste i Grue
kyrkje ved soknepresten.
I 1901 var utsendingsmøtet og stemna på
Skotterud. Der tala lærar Gjeldåker, Arvesen,
prest Ottesen og Kleiveland. Framlegget um å
gå med i bladet «Breidablik» vart nedrøysta.
Årsstemna 1902 var på Sand og Mo. Det
var sams stemne både for dei frilyndte og kristelege ungdomslaga. Talor
av skuledirektør Seip, presten A. Hauge, frk. Gina Krogh, A. Kjølstad, cand.
theol. Wold og Kvisli. «Symra» vart valt til organ for fylket.
Årsstemna på Sand i 1904 var ei av
dei beste. Statsråd Wexelsen tala båe
dagane. Andre talarar var Madshus, Re
nolen og adv. Sam. Johnson.
Frøken Mathea Trøften er frå Nord-
Odal, og i heimbygda si har ho arbeidt
all sin dag. Ho var og er lærar ved Sag
stua skule. Tidleg kom ho inn i høg
skulekrinsar, Vonheim, Sagatun, og var
ofte saman med Bjørnstjerne Bjørnson.
Uppglødd som ho var for det humane
reisingsarbeidet som tok til i 70-åra, kom
ho sjølvsagt med i den frilyndte ungdoms
rørsla, og her har ho vore ei god stød.
Olav Madshus er frå Toten, kom til
Grue i 1890. Han er ein dugande fore
dragshaldar, musikar, skriv framifrå, og
har umsett Shakespeare-bøker til norsk,
med andre ord: ein mangkunnig mann,
som ei nybrotsrørsle treng.
Johs. Arneson (Ola Ryfylking) er
frå Ryfylke. Han var med og skipa
eit ungdomslag heime i 1887. Han Minnesteinen ved Matrand

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0346.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free