- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
351

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

351
og gode arbeids- og livsvilkår for bondeungdom i Oslo og gjera hovudstaden norsk, ikkje
berre i namnet men og i gagnet.
Dei forretningar laget no eig er: Kaffistovone i Bøndernes hus, Torget Bog Olav Ryes
pl. 8, Camilla Colletts veg 1, Hotellet Bondeheimen, Rosenkrantsgt. 8 og bakeri i Rødfyldgata
12. Dessutan eig laget luter i L/L Rosenkrantsgata 8 for 100.000 kr., Olav Ryes pl. 8
for 18,000 kr. og Kort Adelers gt. 2 for 85,000 kr. I dei 2 sist nemnde gardar eig laget
alle luter.
Umframt forretningane eig laget partar og luter for reint ideelle tiltak, som «Bonden»,
«Den 17de Mai», «Det norske teatret» o. a. for um lag kr. 150.000. Dette er pengar som
ikkje gjev overskot, og som for det meste er avskrivne i rekneskapen.
Til forretningane er i alt knytt um lag 120 tenestefolk. For arbeidet står eit styre på 3
mann valt av laget, og ein fast lønt disponent og rekneskapsførar Kvar forretning har dess
utan husmor og varahusmor. Kaffistova i Bøndernes hus har eige rom for lagsfolk; der har
og lagsstyret og sekretæren havt eige kontor. Det er no flytt til Kristian IVs gt. 4.
For den innflytte landsungdomen har laget havt mest å segja. I Bondeungdomslaget
har der i dei 22 år laget har arbeidt vore samla mange tusund av den gildaste ungdom som
landet eig: Ungdom som har gått på dei ymse skular, eller kurs og som seinare har reist
attende til bygdene som embetsmenn og lærarar o. s. b. Mange av dei har i laget fått
den fyrste nasjonale kveik, og mange som fyrr kan henda var nasjonalt vekte har der fått
sine nasjonale hugmål uppfriska.
Formenn i laget har desse vore: bladstyrar Klaus Sletten, rektor Severin Eskeland, lærar
Jakob Hauso, bankmann Johan Taraldset, disponent Bjarne Foss, ingeniør Toralf Foss, jour
nalist Arne Falk, sekretær Sigvat Heggstad. Formann no er fullmektig Nils Sletbak. Dei
andre i styret er student Jon Hovda, frk. Marie Kjellemo, frk. Ragnhild Gundersen, lærar
Elling Mjåland.
Formann i forretningsstyret er meklarkontrollør Ola Haraldseth. Ordførar i representant
skapet er prokurist Jon Bakke.
Formenn i serlaga er: idrottslaget : Olaf Helset, skyttarlaget: Petter Indrelid, leikar
ringen: P. A. Skancke, spellaget: Mons Rykken, songlaget: Jakob Bjørlykke, mannskoret:
Arnt Andersen, musikklaget: Gunnar Fossberg, Brage gilde (litterært ordskiftelag) : Anton
Aure, saumarlaget: Ragnhild Gundersen.
BONDEUNGDOMSLAGET ERVINGEN", BJØRGVIN.
Ervingen vart skipa 20. mars 1900 og er soleis nummer 2 i rekkja av bondeungdomslaga
i byane. Vestmannalaget gjorde upptaket, og menn som Hans Mo må nemnast millom dei
som fyrst bar tanken fram.
Lærar, no skuledirektør, Olav Vevle styrde fyrste møtet, og nemnde kva meininga med
eit slikt lag laut vera : «Dei unge skulde samlast til hugnad og samarbeid for norsk mål,
sed og skikk.»
Olav Hoprekstad var den fyrste formannen i laget. Dei andre i styret var Anna Birke
land, Anna Kråkevik, Anders Bergo og Eirik Hirth. Laget vart skipa med 82 lagsmenner.
Då eit år var gått hadde talet auka til um lag 200. Den fyrste talaren laget hadde var kaptein,
no oberst, Angell, som fortalde um krigsåra i Norig. Einaste faste møtestaden Ervingane hadde
fyrste tida var lesestova i Jonsvollsgata 8, seinare Engen 21.
Pengeløysa la store vanskar i vegen for arbeidet. Då melde spursmålet seg um å reisa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0361.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free