- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
364

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

364
Formennene i Bondeungdomslaget i Nidaros,
R. M. Follestad
(1915-17).
£«rs Saltnessand Edin Berg
(1919-20).
Olav FøIstad
(sidan 1920).]
(1917-19).
Laget har og i mange år havt både songlag og spellag, og desse tvo har kvar for seg
gjort mykje = -til å skapa hugnad og hyggje millom møtelyden. «Bondeguten», det offisielle
organet i laget, har og kvikka upp på møta so mang ein kveld.
Dei tvo siste åra har laget og havt sitt eige idrottslag. Det har sett seg til mål å orga
nisera og få plan i idrottsøvingane millom lagsfolk.
Ein god og gild samlingsplass for dei av lagslyden som er glade i idrott og friluftsliv,
fekk laget og då den gilde «Hytta» vart bygd uppe i Uglamarka i 1915.
I det store og heile ser det ut til at dei som søkte til laget i desse år, fann seg vel der
og likte seg godt."
Det var ofte spursmål uppe som vekte strid, og ordskiftet kunde ofte vera både heitt og
hardt, men det var aldri so hardt at det skipla samhug og god kameratskap millom lagsfolk.
Alt] den gongen laget vart skipa, var den tanken Juppe at det på ein eller annan måte
måtte sjå til å få eit trygt økonomisk ryggstød. Dette spursmålet tok det over tvo år å
løysa, men det vart løyst då den fyrste kaffistova vart opna i Nordre gate 26 den 20. juni 1906.
I 1911 kjøpte laget Gildevangen og flytte forretninga si dit. Sidan 1918 har laget og
drive eige prenteverk.
Kaffistova har serleg i dei siste 5- 6 år tent godt, og laget har difor arbeidt under
trygge økonomiske kår. Det er ikkje so reint småe summar som laget i desse år har brukt
til sitt eige kulturelle og ideelle arbeid, men det er og vonoms meir som er gjeve til formål
utanfor laget, til målsak og ungdomssak og til kulturarbeid i det heile.
Ein stor meink for lagsarbeidet har det vore alle desse år at laget ikkje har sin eigen
møtesal. I dei siste åra har det iser vore svært vanskeleg, slik husnaud som det har vore i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0374.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free