- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
366

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

366
«•
arbeidet kan nemnast at Blix-salmane er innførde i Ålesund. Laget tok upp arbeidet for
ein Gangerolv-bauta til Rouen. Sidan overtok «Nordmannsforbundet» hovudarbeidet med dette.
I 1911 fekk Ålesund i gåve frå byen Rouen ei avstøyping av Gangerolv-statuen, og den står
no i Ålesunds park. Den største praktiske vansken for lagsarbeidet er at laget ikkje har
eige møtehus. Men so snart det let seg gjera, skal hus reisast. «Ivar Åsen» har stått og
vil stå på vakt når det gjeld å verja og strida for Ivar Åsens kongstanke.
Formenn har desse vore : Bladstyrar Olav Eide, 0.r.-sakførar Årsæther, P. Dyrkorn, lærar
Bøe, Utne, O. M. Holme, Åge Grønningsæter, Ingvald Grønningsæter, frk. Ingeborg Håna,
lektor A. Seim, Peter Eiken, Kr. Langlo, M. Årskog.
•4
BONDEUNGDOMSLAGET I BJØRGVIN.
Bondeungdomslaget i Bjørgvin vart skipa 27. april 1909. Dei som skipa laget stod frå
fyrst av i «Ervingen»; men etterkvart som tida gjekk, synte det seg skilde meiningar um vegane
laget skulde taka.
Ein flokk melde seg ut or Ervingen og skipa Bondeungdomslaget i Bjørgvin.
Dei som stod i brodden for skipinga var: Karl Sjurseth, Kr. Madsen, Olav Rusti, fru
Lavik, Ola Lien, Olav Melkild, Eirik Hirth, Martin Vik, M. Rykken, Marta Vik, Olav Ham
mer, Sverdrup Foss og Magnus Vaksdal. På skipingsmøtet vart bladmann Karl Sjurseth vald
til formann. Alt fyrste året vart der gjort upptak og fyrebuing til mesteparten av dei fyre
logor som laget har arbeidt med sidan. Den 25. mai vart laget innmeldt i Hordalands ung
domslag og var med på Hordastemna i Os same våren. Um hausten vart laget innmeldt i
Vestlandske mållag.
Fyrste året vart i alt halde 15 lagsmøte, og talet på lagsfolk var tridobla fyrr året var
ute. Fram på vinteren fekk laget seg eit handskrive blad som fekk namnet «Andvake» . Olav
Hammer var bladstyrar i fleire år frametter.
Laget har eit spellag, eit saumarlag, eit songlag, eit idrottslag (saman med Ervingen) og
ein dansarring Siste året har laget skipa eit barnelag.
Barnelaget er ein freistnad på å få borna med i målarbeidet. Dei får øving i å lesa
norske eventyr og syngja norske songar. Dessutan lærer dei folkeviseleik, og no arbeider
ein med å få syna fram eit barneskodespel, «Tyrihans».
Ymse læreskeid har Bondeungdomslaget halde for lagsfolket sitt ut etter åra, soleis skeid
i norsk målbruk og skeid i songdans og norske folkedansar.
Bondeungdomslaget har alltid vore eit av dei fremste til å setja krav til riket at det skulde
vyrda retten for norsk mål.
Laget har ytt pengar til det private norske gymnaset på Voss, til stipendkassa åt Norsk
Karl Sjurseth,
fyrste form. 1909 -12.
Bladmannalag, til Bladmannaskulen og til norske
blad. Likeeins har laget gjenom kaffistova saman
med Norskt Herbyrge gjeve pengetrygd for Det
norske teatret og for utgjevinga av den norske
bibelen, som kom ut i sumar.
I 1910 reiste Bondeungdomslaget ein stein
på grava åt Mons Litleré på kyrkjegarden på Møl
lendal. Laget har og studt upptaket med å reisa
eit Snorreminne.
I 1912 skipa Bondeungdomslaget saman
med Norskt Herbyrge og ymse privat-menn L’L
w^^^^^^^Kk
Eirik Hirth,
form. no.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0376.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free