Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
372
måtte låna skreiv lagslemene seg for 200 kr. kvar, samla trygdesum 20 000 kr. På denne
måten lukkast det å reisa turvande kapital. Den 1. april same år tok laget mot huset. Major
Sivertsen og lensmann Strømsæter gjorde mykje til at kjøpet kom i stand. Garden vart kalla
«Bondeheimen».
Matstova vart opna 7. juni med stor høgtid. Dei fremste menn i byen og bygdene ikring
var med og tiltaket vart vel umtala i pressa. Forretninga byrja med 2 gjentor, har no 10.
Umsetninga var 22 500 kr. dei 7 fyrste månadene, 65 200 i 1918, 129 500 kr. i 1919.
Den drivande krafta i forretningsstyret er redaktør Hvidsten.
Alt fyrste året vart det skipa eit spellag og ein leikarring som har øvingar ein kveld for
vika heile vinteren. Han har gjort mykje til at dei gamle nasjonaldansar og folkeviseleikar
er tekne i bruk att. Fleire lag i Eidsiva ungdoms
lag har fått hjelp og rettleiding av leikarringen
i Bondeungdomslaget
Arbeidet i laget har alltid gått i norsk leid,
og ein kan alt merka at motburden for alt norsk
og nasjonalt har minka hjå byfolket. Det har vore
halde målskeid, og det er ylt mange pengar til å
spreida norske blad og bøker. Laget har dessu
tan eiga boksamling, der storslumpen av dei nye
Redaktør bøker er å få låna. Um lag alle dei framande Major
P. Hvidsten. talarane har bruka landsmål, og ein høyrer no Olaf Siversen.
aldri noko um at folk ikkje skynar det
Framgang for norsken kan ein merka i Eidsiva sidan laget vart med. Fyrr var riksmå
let rådande, men på siste årsmøtet vart det samrøystes vedteke at 25-årsmeldinga skulde skri
vast på landsmål.
Laget har aldri sagt net når det har vore bøn um hjelp til målreisingsarbeidet, og ymist
anna. Soleis er det ytt pengar til bibelumsetjinga, til Det norske teatret, til «Den 17de Mai»,
til sogeskriving o s.b. Barneheimen, sjukehuset og frelseheren har og note godt av lagsverk
semda. Fleire tusund kr. har dei siste åra gått til dei som lid naud i byen.
Pylsemakar Arnt Bergby har vore formann sidan laget vart skipa.
Dei tvo siste åra har han ogso vore formann i Eidsiva ungdomslag og vert no rekna for
den drivande krafta i ungdomsarbeidet og norskdomsreisinga i Austfold.
BONDEUNGDOMSLAGET PÅ KONGSVINGER.
På Kongsvinger har det vore freista med fleire lag ned igjenom
tida. Men dei har ikkje vore leveføre fyrr. Bondeungdomslaget ser
det ut til å gå betre med. Det vart skipa i 1916 av Anders Underdal,
den kjende Kvitterlisongaren og ferdatalaren i mållag og ungdomslag.
Han var den gongen heradsgartnar i Vinger.
Bondeungdomslaget på Kongsvinger var det som tok imot det fyrste
ungdomsleidarskeidet som vart skipa av Norigs ungdomslag (1920).
Anders Underdal, °S den uppgåva kvitta laget seg ifrå på ein slik måte at det jamt vil
som skipa laget 1916; Verta ihugkome av alle som var på skeidet. Formann den gongen var
mykje nytta ferdatalar & & &
iN. Ml. og N. Ul. og er framleis telegrafist Enger.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>