Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
398
arbeidsfyremål var meiningane sjeldan ulike. Iso måte var det samhald
nok. Men når det galdt utjamning og utlikning av dei midlane som skulde
til for å få upp eit fullverkande arbeid, so alle desse tusund uppglødde lags
folk kunde koma til å «lyfta i flokk», då gjekk det oftast her som elles:
«Landstanken», «Haralds Kongstanke», «Samlingstanken» osb. syner seg
ikkje so dårande ven og hugtakande i det praktiske livet som i 17. mai
talar og historiske fyredrag um fedrane — i alle høve ikkje for dei som
skal bøygja serbatane sine inn under ein slik tanke.
Spursmålet um tilskot til landslaga frå lag med lagsbruk var uppe i ei
eller onnor form på kvart einaste årsmøte i båe landslaga frå 1912 av. Det
vart fyrst freista med å be um friviljuge tilskot. Alle vedtak i den leid var
samrøystes på landsmøta. Men det kom ogso vanleg eit mest like so sam
røystes svar frå dei som vart bedne: Dei gav ikkje noko. Soleis vart det
etter kvart klårt at den friviljuge vegen ikkje kunde føra fram. Det er like
vel einskilde heiderlege undantak som fortener å verta nemnde. Desse lag
eller lagsbruk gav i tida 1914—1919 (men ikkje årvisst) større eller mindre
friviljuge tilskot til N. Ul.:
Bondeungdomslaga i Oslo, Stavanger, Bjørgvin, Nidaros, Sarpsborg, Ervingen
i Bjørgvin, Fl. Varden, Firda Ul., Romsdal ungdomssamlag Naumdøla UL,
Trums ungd.fylking, Trønderheimen, Kaffistova Steinkjer, Bondeheimen Steinkjer.
Smått i senn vann likevel tanken um «samhald og samyrke» fram soleis
at prinsippet um skatt lik for alle lag og lagsbruk vart lovfest. Norigs Mål
lag lovfeste lagsbruksskatten i 1918, Norigs Ungdomslag i 1920.
Med dette lovbrigdet kan likevel inntektene for landslaget framleis verta
ujamne. Men dei kan aldri koma til å siga ned att til eit slikt minstemål,
at laget ikkje maktar å halda ein etter måten fullverkande administrasjon.
Styret er trygda arbeidshjelp, so styresavgjerder og årsmøtevedtak kan verta
meir enn papirfyresegner. Einskildlag og fylkeslag vil i landssamskipnaden
representera ved landsstyret, ha eit fast strålemot og samknutepunkt.
Umståande grafiske oversyn viser budgetta for N. Ul. år for år heilt til
1921. Rekneskapen for 1920—21 er ikkje avslutta når dette er skrive, men
budgettet er etter skyn sett til kr. 40000, og det vil ikkje verta so langt
undan dette talet.
BLADSAKA.
På skipingsmøtet i Nidaros 1896 vart det vedteke at «Unge Skud», sei
nare «Unglyden», skulde vera organ for samskipnaden.
Skrivaren, Anstein Myhr, vart vald inn i bladstyret som representant
for Norigs Ungdomslag
Då «Symra» (bladstyrar og utgjevar Klaus Sletten) tok til å koma ut,
gjekk det over til å vera organ for Norigs Ungdomslag til det atter gjekk inn.
Samskipnaden hadde no ikkje noko serleg organ fyrr i 1913, då Norigs
Ungdomslag gjekk saman med Norigs Mållag um å gjeva ut meldingsbladet
«Bodstikka». Skrivaren var bladstyrar.
1. januar 1916 overtok Norigs Ungdomslag bladet åleme, det kom ut
under namnet «Norsk Ungdom» som 14-dagleg blad, styrt av ei nemnd:
Sven Moren, Odin Benum og Bernh. Sudmann.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>